UEFA-cupfinalen i fotball 1999

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Finalen i UEFA-cupen i fotball 1999 fann stad på Luzjniki stadion i Moskva 12. mai 1999 framfor 66 700 tilskodarar. Oppgjeret stod mellom italienske Parma FC frå Parma og franske Olympique Marseille. Med siger 3-0 sikra Parma FC seg sin andre triumf i UEFA-cupen, den forrige kom i 1995.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane, Parma i gult og blått

Kampens beste spelar, argentinaren Hernán Crespo, gav Parma leiinga 1-0 i det 25. minutt. 11 minuttar seinare la Paolo Vanoli på til 2-0. Ti minuttar ut i den andre omgangen auka Enrico Chiesa til 3-0 og kampen viste seg å vere avgjort.

Hugh Dallas frå Skottland var kampleiar.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Vinnarlaget til Parma bestod av: Gianluigi Buffon, Lilian Thuram, Fabio Cannavaro, Roberto Sensini (kaptein), Dino Baggio, Alain Boghossian, Diego Fuser, Juan Sebastián Verón, Paolo Vanoli, Hernán Crespo, Enrico Chiesa og innbytarane Abel Balbo, Stefano Fiore, Faustino Asprilla.

Olympique Marseille mønstra Stéphane Porato, Pierre Issa, Laurent Blanc (kaptein), Cyril Domoraud, Patrick Blondeau, Frédéric Brando, Daniel Bravo, Edson da Silva, Robert Pirès, Jocelyn Gourvennec, Florian Maurice, Titi Camara.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]