Robert Pirès

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Robert Pirès
Robert Pires 2011.jpg
Fødd 29. oktober 1973
Reims

Robert Emmanuel Pirès (fødd 29. oktober 1973) er ein fransk tidlegare fotballspelar frå Reims som vart europameister i 2000 med Frankrikes landslag og deltok i VM i fotball 1998. På klubbnivå er kantspelaren særleg kjend for si tid i Arsenal-drakta, der han sanka tre FA-cuptitlar og to ligameisterskap.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Pirès spelte på FC Metz frå 1992 til -98. Etter to sesongar i storklubben Olympique Marseille hyrte den franske trenaren Arsène Wenger han sommaren 2000 til spel for Arsenal FC i England. I London-klubben var Pirès i 2002 med å vinne både ligaen og FA-cupen. Året etter vart han matchvinnar då Arsenal slo Southampton FC 1-0 i finalen i FA-cupen. Sidan vart han ligameister 2004, medan han i 2005 var med å vinne FA-cupen for tredje gong. Våren 2006 vart han teken av bana tidleg i meisterligafinalen mot FC Barcelona, ettersom Arsenal-målvakta Jens Lehmann vart utvist og ny målvakt måtte inn. Arsenal tapte kampen 1-2 i det som var Pirès avskjed med klubben. Sommaren 2006 fekk han kontrakt med den spanske La Liga-klubben Villarreal CF, der han vart verande til 2010. Sidan spelte han nokre få kampar for engelske Aston Villa i 2010/11-sesongen.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Pirès deltok i tre av VM-kampane under Fotball-VM 1998 på fransk heimebane, sist i oktofinalen mot Paraguay. To år seinare var han innbytar då Frankrike i EM-finalen slo Italia 2-1 etter ekstraomgangar. Han var ikkje med verdsmeisterskapen 2002, men spelte då Frankrike i kvartfinalen vart slått ut or EM 2004 av komande europameister Hellas. Pirès spelte sin 79. og siste landskamp på Kypros i oktober 2004, litt over åtte år debuten mot Mexico i Paris. Han stod for 14 nettkjenningar på landslaget.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • VM-gull: 1998 med Frankrike
  • Europameister 2000 med Frankrike
  • Fransk ligacupvinnar: 1996 med FC Metz
  • Engelsk seriemeister 2002 og 2004 med Arsenal FC
  • FA-cupmeister: 2002, 2003 og 2005 med Arsenal FC
  • Finaletap i meisterligaen: 2006 med Arsenal FC

Kjelder[endre | endre wikiteksten]