UEFA-cupfinalen i fotball 2005

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Finalen i UEFA-cupen fotball 2005 fann stad på Estádio José Alvalade i Lisboa 18. mai 2005 framfor 47 085 tilskodarar. Oppgjeret stod mellom Sporting Lisboa og russiske CSKA Moskva. Laget frå hovudstaden i Russland vann kampen 3-1 på arenaen som er Sporting si heimebane.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane, CSKA i raudt

Brasilianaren Rogério Régis sende Sporting i leiinga då oppgjeret var 28 minuttar gammalt. I den andre omgangen snudde CSKA kampen til 3-1 og siger. Skåringane kom ved Aleksej Berezutskij i det 56., Jurij Zjirkov i det 65. og Vágner Love i det 75. minutt.

Graham Poll frå England var dommar.

Laga[endre | endre wikiteksten]

CSKA sitt vinnarlag bestod av Igor Akinfejev, Vasilij Berezutskij, Sergej Ignasjevitsj, Aleksej Berezutskij, Chidi Odiah, Jevgenij Aldonin, Elvir Rahimić, Daniel Carvalho, Jurij Zjirkov, Vágner Love, Ivica Olić og innbytarane Deividas Šemberas, Miloš Krasić, Rolan Gusev.

Sporting mønstra Ricardo Pereira, Miguel Garcia, Joseph Enakarhire, Beto Severo, Rogério Régis, Pedro Barbosa, Fábio Rochemback, João Moutinho, Rodrigo Tello, Liédson Muniz, Ricardo Sá Pinto, Marius Niculae, Roudolphe Douala, Hugo Viana.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]