Linköping

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Linköping i Sverige

Koordinatar: 58°24′39″N 15°37′17″E Linköping (uttakt /ˈlinːɕœːpiŋː/) er ein by i Sverige. Med 104 232 innbyggjarar i 2011 er han den sjuande største i landet. Byen er òg centralort. Byen er administrasjonssenter i Östergötlands län og i Linköpings kommune.

Linköpings byvåpen
Linköping cirka 1700.

Linköping, som ligg ved Stångån sør for sjøen Roxen, har sjøsamband gjennom Göta kanal, og er eit jernbaneknutepunkt, bispesete, lenshovudstad og i det heile ein typisk sentralstad. Byen har hatt ein sterk industriell ekspansjon etter krigen. Den viktigaste industribedrifta er Saab (fly). Linköping var tidlegare standkvarter for fleire militære avdelingar. Samarbeid mellom universitetet og næringslivet har medverka til at mange IT-relaterte verksemder har vakse fram.

Linköpings universitet blei oppretta 1970. Byen har òg regionsjukehus, stifts- og landsbibliotek, teater, länsmuseum og flyvåpenmuseum. I utkanten av byen ligg «kulturreservatet» Gamla Linköping, der ein del av den eldre bybusetnaden er gjenreist. Linköping voks fram som handelsplass i tidleg mellomalder, og vart bispesete på 1100-talet. Linköping domkyrkje, den best verna mellomalderkatedralen i Sverige, vart om- og påbygd i fleire etappar frå ca 1230, og har altertavle av Henrik Sørensen (1934). Linköping slott er frå 1100-talet og er i dag landshøvdingsresidens.

Linköping er heimen til ishockeyklubben Linköpings HC, som spelar i SHL.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]