Ulf Andersson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ulf Andersson
Andersson Ulf.jpg
Fødd 27. juni 1951 (70 år)
Västerås
Yrke sjakkspelar
Ulf Andersson på Commons

Ulf Andersson (fødd 27. juni 1951) i Västerås er ein svensk stormeister i sjakk. Han vann den svenske meisterskapen i sjakk i 1969. Han blei internasjonal meister i sjakk (IM) i 1970 og stormeister i 1972. Han blei også stormeister i fjernsjakk i 1996.

Ulf Andersson blir rekna som den beste sjakkspelaren Sveriges har hatt gjennom tidene. I 1983 var han rangert som nummer 4 i verda med ein rating på 2640.[1] Den høgaste ratingen hans var 2641 i oktober 2000.

Andersson er kjend som ein solid spelar som ofte spelar remis og sjeldan taper. I 1980- og 90-åra var han ein av toppspelarane med høgast remisprosent. Han spelar helst posisjonelt, og vinn ofte partia i sluttspelet etter mange timar med tolmodig spel.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]