Ullensaker kyrkje
Utsjånad
| Ullensaker kyrkje | |||
| kyrkje | |||
Ullensaker kyrkje Foto: Hans A. Rosbach | |||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
|---|---|---|---|
| Bispedøme | Borg | ||
| Prosti | Øvre Romerike | ||
| Sokn | Ullensaker | ||
| Fellesråd | Ullensaker | ||
| Type | Langkyrkje | ||
| Arkitekt | Arnstein Arneberg og Per Solemslie | ||
| Material | Betong | ||
| Innvigd | 12. oktober 1958 | ||
| Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
| Preikestol | 1649 | ||
| Døypefont | 1100-talet | ||
| Altartavle | Johan Reinholt, 1633 | ||
| Sitjeplassar | 650 | ||
| Diverse | Freskar av Alf Rolfsen. Mikael-statue av Ragnhild Butenschøn. | ||
![]() Ullensaker kyrkje 60°05′02″N 11°09′53″E / 60.083863°N 11.16466306°E | |||
| Wikimedia Commons: Ullensaker kirke | |||
Ullensaker kyrkje frå 1958 er i Ullensaker kommune i Akershus. Dette har vore hovudkyrkja for området sidan 1100-talet, og dagens kyrkje er den fjerde i rekka, etter at den førre kyrkja brann i 1952.
Kyrkja er oppført i armert betong, og takkvelvinga i kyrkjesalen er parabelforma. Mykje av taket og fondveggen er dekt av freskar laga av Alf Rolfsen. Den gamle altartavla vart redda ut av den brennande kyrkja og er teken i bruk saman med døypefonten og preikestolen, men himlingen til preikestolen rauk med i brannen. Hovuddøra har ein smijernsring frå mellomalderen.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Sigrid og Håkon Christie: Ullensaker kirke i «Norges kirker»
- «Ullensaker kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Ullensaker kyrkjelege fellesråd[daud lenkje]
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 645. ISBN 82-75-27022-7.
- Øverland, Olava (1995). Våre altertavler. Oslo: Det Norske Samlaget. s. 154-155. ISBN 82-521-4500-0.
- Ullensaker kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren

Foto:
C. Christensen Thomhav / Riksantikvaren
Denne kyrkjeartikkelen som har med Akershus å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
