Eidsvoll kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°19′24″N 11°14′40″E

Eidsvoll kyrkje
kyrkje
Eidsvoll kirke 2018.jpg
Eidsvoll kyrkje
Foto: Mahlum
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Borg
Prosti Øvre Romerike
Sokn Eidsvoll
Fellesråd Eidsvoll
Material Stein
Innvigd Om lag 1200
Kyrkjegard Det er kyrkjegard ved kyrkja
Preikestol 1956
Døypefont 1765
Altartavle Altartavle i barokk frå 1765
Wikimedia Commons: Eidsvoll kirke

Eidsvoll kyrkje er ei krosskyrkje (kyrkje med grunnplan forma som ein kross) bygd i stein i Eidsvoll kommuneRomerike i Akershus fylke, Borg bispedømme. Den eldste parten av kyrkja er frå mellomalderen, om lag 1200, men slik kyrkja no står, er ho eit resultat av fleire oppattbyggingar etter brann, utvidingar og restaureringar. Dei gamle kyrkjebøkene vart òg øydelagde i ein brann. Eidsvoll kyrkje kan vere den eldste krosskyrkja i stein i Noreg. Kong Olav den heilage skal ha vore til messe i «Eids kyrkju» i 1017, og sørskipet i kyrkja skal ha hatt eit Olavsaltar, altså eit altar for den Sankt Olav som kongen vart gjort til nokre få år etter at han vart drepen under slaget på Stiklestad.

Kyrkjeområdet har vore eit sentrum i gamal tid. I nærleiken av kyrkja finst ein hulveg som har vore nytta i fleire hundre år, og Tingvoll der Eidsivatinget hadde sin samlingar i mellomalderen, ligg attmed kyrkja. Arkeologiske utgravingar og granskingar som vart gjort i grunnen innanfor koret og tverrskipet i kyrkja i samband med restaureringsarbeid i 1964 og 1965, fekk fram kristne aust-vestorienterte gravleggingar som var eldre enn kyrkja; dei døde var lagt i enkle kister av tre utan gravgods av noko slag. Då somme av gravene dels låg under murveggane på kyrkja, andre i jordlag med stein og kalk som var falle ned under byggjearbeidet på kyrkja, er det grunn til å rekne med at det har stått ei eldre kyrkje på staden med ei litt anna plassering, truleg vest i det som no er tverrskipet på dagens kyrkje.

Eidsvoll kyrkje er restaurert 1885, 1965 og etter ein brann i 2000. Altertavla i kyrkja, frå 1765, vart restaurert etter ein brann i 1883, restaurert på nytt i 1915, seint på 1960-talet og på nytt etter brannen i 2000, då dei tre målarstykka i altertavla, som er måla med oljefargar på lerret med motiv frå Kristi lidingssoge, måtte takast hand om av konserveringsatelieret ved NIKU (Norsk Institutt for kulturminneforskning) i Oslo på grunn av brannskadar. Altertavla er ein trekonstruksjon i tre avtakande høgder i barokk stil, med eit målarstykka i nedste høgda som syner nattverden, i midterste høgda krossfestinga, og i øvste høgda Kristus som står opp frå dei døde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]