Ullsfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ullsfjord
stad
Ullsfjord kirke.jpg
Ullsfjord kyrkje
Foto: Kjetil Ree
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms
Kommune Tromsø
Postnummer 9030 SJURSNES
Innbyggjarnamn ullsfjording

Ullsfjord er ein kyrkjestad og tidlegare kommune i Troms, som no er del av Tromsø kommune. Staden ligg på vestsida av Sørfjorden. I Ullsfjord ligg Ullsfjord kyrkje.

Ullsfjord kommune 1902 - 1964[endre | endre wikiteksten]

Ullsfjord var del av Lyngen formannskapsdistrikt frå 1837. 1. januar 1902 blei Ullsfjord skilt ut som eigen kommune med 1139 innbyggjarar, under namnet Sørfjord.

1. januar 1964 blei det meste av Ullsfjord, med 2019 innbyggjarar, slått saman med Tromsø og Tromsøysund kommunar saman med delar av Hillesøy, til den nye Tromsø kommune. Svensbyområdet, på austsida av Ullsfjorden, med 171 innbyggjarar, blei, saman med fastlandsområdet i Karlsøy, innlemma i Lyngen kommune.

Ullsfjordområdet har hatt kraftig nedgang i folketalet dei siste åra. Bygdene som blei overførte til Tromsø kommune i 1964, hadde til saman 860 innbyggjarar den 1. januar 2006.[1]

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Ullsfjord kommune frå 1910 til 1964:

1910[2] 1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5] 1.1.1961[5] 1.1.1964[6]
1229 1327 1523 1983 2085 2213 2190

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. Statistikkbanken
  2. "Hjemmehørende folkemengde Troms 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 22. september 2010
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 Folkemengd i Ullsfjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  6. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)