Umberto Nobile

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Umberto Nobile

Statsborgarskap Italia, Kongedømet Italia
Fødd 21. januar 1885
Lauro
Død

30. juli 1978 (93 år)
Roma

Yrke luftfartsingeniør, airship pilot, polfarer, politikar, flygar
Språk italiensk
Medlem av Det pavelege vitskapsakademiet
Partnar Hermine Speier
Umberto Nobile på Commons

Umberto Nobile (21. januar 188530. juli 1978) var ein italiensk general, fly- og luftskipsingeniør og polfarar. Saman med den norske polfararen Roald Amundsen flaug dei over nordpolen i 1926 med luftskipet «Norge», som han hadde konstruert og bygd i Italia. Luftskipet «Norge» var det fyrste luftfartøyet som flaug strekninga frå Europa til Nord-Amerika over Arktis. Men seinare vart Nobile og Amundsen uvener om kven av dei som burde ha æra for ferda. Det er vel truleg at at den ekspertisen på luftskip som Umberto Nobile stod for, må ha kome godt med for å kunne gjennomføre ei slik ferd.

Umberto Nobile med hunden sin, fotografert i 1926.

Nobile kom seinare attende til Arktis som leiar av ein ekspedisjon med luftskipet «Italia», som han òg hadde konstruert, og gjorde tre flygingar. Dei to fyrste kartla nordaustkysten av Grønland, Nikolai II land og Nordaustlandet, og det vart innsamla inn vitskapelege data av ulik art. Den tredje ekspedisjonen tok til 22. mai 1928 og gjekk til Nordpolen. På vegen attende til Ny-Ålesund havarerte luftskipet, og den største internasjonale bergingsaksjonen i polare strok som har vore, vart sett i verk med meir 1500 deltakarar frå sju ulike nasjonar. Under denne bergingssaksjonen omkom Roald Amundsen saman med mannskapet i det franske Latham 47-flyet han var reist ut i for å ta del i leitinga og berginga.

Ikkje før etter 48 dagar var alle dei overlevande henta ut frå den drivende pakkisen. Nobile var den fyrste som vart henta og brakt attende til Spitsbergen, for meininga var at han kunne leie berginga av resten av mannskapet derfrå. Men Nobile vart skulda for å ha forlate mannskapet sitt, og vart sett i arrest ombord i følgjebåten som låg i Ny-Ålesund. Resten av livet freista han å forsvare seg mot desse og andre skuldingar.

Nobile kom på kant med den italienske diktatoren Benito Mussolini og det fascistiske Italia, og Mussolini skulda Nobile for ulukka med luftskipet «Italia». I 1931 vart Nobile tilsett som luftskipsekspert i Sovjetunionen, i 1936 drog han til USA, og kom ikkje attende til Italia før i 1943.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Steinar Aas, 2002, Tragedien Umberto Nobile : polarhelt eller svikar?. Oslo: Samlaget. ISBN 82-521-6041-7