Unionbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 79°45′S 082°30′W
Unionbreen
isbre
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Ellsworth Land
 - koordinatar 79°45′S 082°30′W
Administrert under Antarktistraktaten

Unionbreen
79°45′ S 82°30′ W
Unionbreen is located in Antarktis
Unionbreen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Union Glacier

Unionbreen er ein stor isbre som flyt gjennom sentrale område av Heritage Range i Ellsworth Mountains i Antarktis. Breen har mange issprekker og får tilført is frå fleire sidebrear. Isbreen drenerer platået ved Edson Hills på vestsida av fjellkjeda og flyt aust mellom Pioneer Heights og Enterprise Hills. Unionbreen vart kartlagt av U.S. Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto av U.S. Navy (USN) 1961-66. Namnet vart nytta av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) i samband med namnet Heritage Range.[1]

Union Glacier Blue-Ice Runway SCGC og Union Glacier Camp ligg på breen.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Union Glacier». Geographic Names Information System. US Geological Survey. Henta 18. desember 2013. 
  2. Polar Conservation Organisation

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Union Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).