United States Air Force

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Two F-22A Raptor in column flight - (Noise reduced).jpg

United States Air Force (forkorta USAF) er luftforsvaret til USA. Det har som oppdrag «å fly, kjempe og vinne i lufta, verdsrommet og cyberspace» («fly, fight, and win ... in air, space, and cyberspace»).[1] USAF vart oppretta som eigen våpengrein i 1947 då det vart utskild frå den amerikanske hæren.

USAF har (per september 2010) 332 200 mann i aktiv teneste og 216 774 i reserveteneste.[2] USAF har rundt 5 200 operasjonelle fly, inkludert bombefly, transportfly, bakkeangrepsfly og treningsfly. Det har òg mange helikopter for oppdrag som taktisk transport, redning og spesialoperasjonar.

Organisering[endre | endre wikiteksten]

USAF er ei våpengrein under Flyvåpendepartementet i det amerikanske forsvarsdepartementet. Administrativt blir USAF styrt av ein stabssjef, ein firestjerners general som er den øvste offiseren til flyvåpenet. Stabssjefen er underlagt Flyvåpenministeren, ein sivil embetsmann som styrer Flyvåpendepartementet og som igjen rapporterer til Forsvarsministeren.

Operativt er USAF organisert i 9 hovudkommandoar beståande av nummererte flyvåpen, som igjen består av to eller fleire luftdivisjonar. Kvar luftdivisjon består av to eller fleire vengjer, som igjen består av grupper, som vidare består av skvadronar. USAF sine operasjonelle ressursar blir forvalta av ni felleskommandoar som operativt rapporterer direkte til presidenten i USA. Dei operative avdelingane er organisert i 18 luftstyrkar. Fire av desse luftstyrkane er underlagt Luftkampkommandoen.

Utstyr[endre | endre wikiteksten]

US Air Force har over 5 200 ulike luftfartøy per september 2010: [2]

  • C-130E/H
    • AC-130H/U
    • EC-130E
    • EC-130H
    • HC-130N/P
    • LC-130H
    • MC-130E
    • MC-130H/P/W
    • NC-130H
    • TC-130H/S/W
    • WC-130H
  • C-130J
    • EC-130J
    • HC-130J
    • WC-130J




Historie i stikkord[endre | endre wikiteksten]

Båret på undersida av styrbord vengje oversida av babord og på begge sider av flykroppen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]