Universitetet i Witwatersrand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
University of the Witwatersrand
The Wits University Great Hall.jpg
MottoScientia et Labore
Grunnlagt1896
TypeOffentleg universitet
StadFlagget til Sør-Afrika Johannesburg
Koordinatar26°11′27″ S 28°1′49″ EKoordinatar: 26°11′27″ S 28°1′49″ E
Studentar24 381 (2005)
Tilsette1 951 (2005)
Nettstadwww.wits.ac.za

Universitetet i Witwatersrand (engelsk: University of the Witwatersrand), forkorta Wits er eit universitet i byen Johannesburg i Sør-Afrika. Det har bakgrunn frå gruveverksemda og eit historisk fokus på teknologiske fag.

Grunnlegginga skjedde som ein gruveskole i Kimberley South African School of Mines – i 1896. Universitetsstatusen og dagens namn vart tildelt i 1922. Studenter og lærarar ved Wits har vore nokre av dei mest sentrale motstandarane av apartheid. Skulen har òg leia dei arkeologiske utgravingane av tidlege hominine fossil frå Sterkfontein og Swartkrans.

Wits består av fem fakultet:

  • Faculty of Commerce, Law, and Management
  • Faculty of Engineering and Built Environment
  • Faculty of Health Sciences
  • Faculty of Humanities
  • Faculty of Science

Blant tidlegare studentar finn vi nobelprisvinnarane Aaron Klug (1982 kjemi), Nadine Gordimer (1991 litteratur), Nelson Mandela (1993 fred), Sydney Brenner (2002 medisin).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]