University of Glasgow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
University of Glasgow
Glasgowuniversity.jpg
Latinsk namnUniversitas Glasguensis
MottoVia, Veritas, Vita («Vegen, sannheten og livet»)
Grunnlagt1451
TypeOffentleg
StadGlasgow i Skottland
Studentar23 590 (2006)
Tilsette5 807 (2006)
MedlemskapRussell Group, Universitas 21
Nettstadwww.gla.ac.uk

University of Glasgow (Universitetet i Glasgow) er det største av dei tre universiteta i Glasgow i Skottland. Det vart grunnlagt i 1451 av pave Nikolaus V, på forslag frå kong Jakob II av Skottland.

I Skottland blir universitetsrektorane valt av studentane, og stillinga er hovudsakleg honorær. Tidlegare rektorar ved universitetet i Glasgow inkluderer dei britiske statsministrane William Gladstone, Benjamin Disraeli, Robert Peel, Andrew Bonar Law og Arthur Balfour.

Universitetet er det nest eldste i Skottland etter University of St Andrews og er det fjerde eldste engelskspråklege universitetet. Då undervisinga starta var lokalet krypta i Glasgow Cathedral, seinare flytta undervisinga til andre lokale på austsida av byen. I 1563 fekk universitetet tildelt eit stykke land av Maria I av Skottland der det vart bygd fleire eigna universitetsbygningar. Som ei følgje av den industrielle revolusjonen vart austsida av byen særs forureina og universitetet valde difor å flytte til den då landlege vestsida av byen i 1871. Dei gamle lokala vart rivne, med unntak av ein liten del kalla «Pearce Lodge» som vart flytta med til den nye bygningen.

Dei nye universitetsbygningane vart teikna av George Gilbert Scott i nygotisk stil og er plassert på Gilmorhill med utsikt over Kelvingrove Park. Den største bygningen, som no er kalla opp etter Scott, vidareførte dei to gardsplassane som hadde vore éit kjenneteikn ved det tidlegare universitetsbygget. Seinare vart eit kapell bygd i den vestre delen av bygningane til minne om studentar frå universitetet som hadde mista livet under første verdskrigen. Dette er i dag òg eit minnekapell for falne etter andre verdskrig.

Etter kvart som studentmassen auka har universitetet teke over andre bygningar i nærleiken og dessutan bygd fleire eigne bygningar. Blant anna Boyd Orr-bygningen i brutalistisk stil og som er namngjeve etter nobelprisvinnaren John Boyd Orr, som var student og seinare rektor ved universitetet. Ein annan bygning er kalla opp etter Adam Smith, som òg var student ved universitetet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]