Brutalisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rådhuset i Boston teikna av Gerhardt Kallmann og N. Michael McKinnell, 1969.
Foto: Bill Lebovich
Biblioteket ved University of California, San Diego med element frå både brutalismen og futurismen.[1]
Ei trapp i brutalistisk stil ved Universität St. Gallen. I biletet kan ein lett sjå avtrykka i betongen etter forskalingsborda.
Foto: Universitätsarchiv St. Gallen

Brutalisme er ei stilretning innan modernistisk arkitektur som fekk ein viss oppslutnad frå midten av 1950-åra til byrjinga av 1970-åra. Tidlege eksponentar for retninga var den franske arkitekten Le Corbusier og den tysk-amerikanske arkitekten Ludwig Mies van der Rohe. Brutalismen er kjend for bruken av rå, ubehandla betong og «ærleg» materialbruk, eksponering av konstruktive bygningsledd og tekniske installasjonar, og enkle geometriske former. Bustadkomplekset Unité d'habitation i Marseille av Le Corbusier er eit tidleg og framståande døme på brutalismen.[2][3][4][5]

Forutan Le Corbusier og Mies van der Rohe var fleire internasjonalt kjende arkitektar aktive i å etablera retninga. Dei viktigaste var Louis Kahn i USA og Alison og Peter Smithson i Storbritannia.

Brutalisme i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I norsk arkitektur skapa fleire framståande arkitektar i periodar byggverk som meir eller mindre konsekvent var prega av brutalismen. Blant dei viktigaste er Sverre Fehn (Den nordiske paviljong i Venezia 1958–1962, Hedmarksmuseet 1963–1970, Døveskolen på Skådalen i Holmenkollåsen, 1971–1977) og Lund + Slaatto Arkitekter (St. Hallvard kirke og kloster 1966, Chateau Neuf 1963–1971). I tillegg vert Erling Viksjø stundom rekna som ein brutalistisk arkitekt,[6] kjend for Bergen rådhus 1968–1974, hovudkontoret til Standard Telefon og Kabelfabrik 1968 og regjeringskvartalet 1952–1970. Det kan likevel diskuterast om Viksjø – som brukte naturbetong – faktisk kan kallast brutalist, ettersom betongen nettopp ikkje er «rå», men tvertimot foredla ved sandblåsing som framhevar tilslaget av rundslipt elvegrus.

Det vert ofte stor debatt når brutalistiske byggverk i Noreg vert føreslege freda, slik som Stavanger Svømmehall,[7] Realfagsbygget ved Universitetet i Bergen[8][9] og Y-blokka i Oslo.[10]

Omgrepet «brutalisme»[endre | endre wikiteksten]

Dei engelske arkitektane Alison og Peter Smithson lanserte omgrepet i 1954, basert på det franske uttrykket béton brut («rå betong»). Uttrykket var brukt av Le Corbusier til å skildra betong som verka ubehandla etter at forskalinga var fjerna, med avtrykk av forskalingsborda eller kryssfineren som hadde vore brukt. Le Corbusier brukte denne teknikken på mange av bygningane sine etter den andre verdskrigen, mellom anna Unité d'Habitation i Marseille bygd 1947–1952.[11] Omgrepet vart utbreidd då den engelske arkitekturkritikaren Reyner Banham brukte det som tittel på boka si The New Brutalism: Ethic or Aesthetic? frå 1966 for å skildra dei då veletablerte, ulike arkitektoniske tilnærmingane som var rådande, særleg i Europa.[12]

Reyner Banham definerte omgrepet New Brutalism som ein arkitekturstil med fylgjande tydelege kjenneteikn:

  1. Memorability as an Image (Eit visuelt inntrykk som er lett å kjenna att)
  2. Clear exhibition of Structure (Lettfatteleg, synleg struktur)
  3. Valuation of Materials "as found" (Bruk av uforedla materiale)

Andre trekk som Banham meinte å finna i fleire brutalistiske byggverk, var formalistiske planformer og bruk av klassiske prinsipp for utforming. Han merka seg òg korso boka Architectural Principles in the Age of Humanism frå 1949 av Rudolf Wittkower hadde påverka mange yngre arkitektar i samtida.

Omgrepet brutalisme har òg konnotasjonar av brutal og vert i dag ofte brukt nedsetjande om arkitektur særleg frå 1950- til 1970-åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. David Langdon. «AD Classics: Geisel Library / William L. Pereira & Associates» (på engelsk). ArchDaily. Henta 10. november 2023. 
  2. LOISEAU, Steven (31. juli 2019), «Unité d’habitation», Le Corbusier - World Heritage (på fransk), henta 10. november 2023 
  3. «Brutalist buildings: Unité d'Habitation by Le Corbusier», Dezeen (på engelsk), 15. september 2014, henta 10. november 2023 
  4. «brutalisme». Store norske leksikon (på norsk). 22. august 2023. 
  5. «brutalisme - Strømning inden for arkitekturen - lex.dk», Den Store Danske (på dansk), 22. juni 2023, henta 10. november 2023 
  6. «Erling Viksjø, Arkitekt», Nasjonalmuseet (på norsk bokmål), henta 10. november 2023 
  7. NRK: «– Denne bygningen er verneverdig», 27. april 2010
  8. «En kulturhistorisk perle», Universitetet i Bergen (på norsk bokmål), henta 10. november 2023 
  9. «Brutalismen fredes», www.bt.no (på norsk bokmål), 15. september 2010, henta 10. november 2023 
  10. «Farvel til Y-blokken», arkitektforeningen.dk (på dansk), henta 10. november 2023 
  11. Arne Gunnarsjaa (2007): Arkitekturleksikon s. 132
  12. Romy Golan: «Historian of the Immediate Future: Reyner Banham – Book Review», The Art Bulletin, juni 2003, side 3.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Brutalisme