Unn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Unn er eit kvinnenamn, av norrønt Unnr, truleg av verbet una, 'trivast, vere nøgd med'. Unn er også brukt som sisteledd i namn som Ingunn og Torunn. Eit nærskyld namn er Unni.

I norrøn gudelære er Unn dottera til havguden Æge.

Unn har i Noreg namnedag den 28. desember.

Bruken av namnet i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Namnet har i Noreg vorte meir bruka etter andre verdskrigen.

  • I folketeljinga frå 1801 var det 5 som hadde namnet, i forma Und
  • I 1900 var det 6 personar som var listeførte med namneformene Un, Und, Unn
  • I 2008 har 1418 Unn til første fornamn

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]