Unser Song für Malmö

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Unser Song für Malmö (USfM, tysk for Vår song for Malmö) er ei tysk musikktevling som vart arrangert 14. februar 2013. Vinnaren fekk representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige.

23. november 2012 annonserte Norddeutscher Rundfunk (NDR) at tevlinga ville finne stad i TUI Arena i Hannover 14. februar 2013. Som tidlegare år ville finalen verte produsert i samarbeid med Brainpool, som òg produserte Eurovision Song Contest i 2011 og 2012, og samarbeidet med ProSieben vart dimed avslutta.[1][2]

Tolv bidrag varta valde ut for å tevle i finalen. Utveljinga vart gjort av ein ekspertjury sett saman av sju personar frå NDR, Brainpool og store plateselskap.[3] Elleve av dei tolv bidraga vart offentleggjort 12. desember 2012.[4]

Vinnaren vart vald ut ved ein tredelt røysteprosedyre. I vekene før finalen vart bidraga kringkasta på ni ulike Arbeitsgemeinschaft der öffentlich-rechtlichen Rundfunkanstalten der Bundesrepublik Deutschland-radiokanalar og lyttarane har høve til å røyste på deira favoritt via Internett. Under sjølve tevlinga hadde ein høve til å røysta via telefon og SMS, og ein jury sett saman av fem musikk- og underhaldningsekspertar ville òg røyste. Kvar av dei tre delane av røystinga talde like mykje.[3] Gruppa Cascada vann med songen «Glorious».

Unser Song für Malmö - 14. februar 2013
Artist Song
Ben Ivory «The Righteous Ones»
Betty Dittrich «Lalala»
Blitzkids mvt. «Heart On The Line»
Cascada «Glorious»
Finn Martin «Change»
LaBrassBanda «Nackert»
Mobilée «Little Sister»
Nica & Joe «Elevated»
Die Priester og Mojca Erdmann «Ave Maris Stella»
Saint Lu «Craving»
Söhne Mannheims «One Love»
Mia Diekow «Lieblingslied»

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «BRAINPOOL is co-producer of the German qualifying competition for the 2013 Eurovision Song Contest 2013 in Malmö». Brainpool TV (på engelsk). 23. november 2012. Henta 17. desember 2012. 
  2. «NDR und ProSieben trennen sich». RP-online (på engelsk). 14. september 2012. Henta 17. desember 2012. 
  3. 3,0 3,1 Marco Brey (17. desember 2012). «Germany: "Unser Song für Malmö" launched». Den europeiske kringkastingsunionen (på engelsk). Henta 17. desember 2012. 
  4. Marco Brey (17. desember 2012). «Germany: National final acts announced!». Den europeiske kringkastingsunionen (på engelsk). Henta 17. desember 2012.