Up Town av Roy Orbison

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Up Town
Singel av Roy Orbison
B-side

«Pretty One»

Utgjeve 30. november 1959
Innspelt 1959 i Nashville
Sjanger Rock and Roll
Lengd 2:05
Selskap Monument Records 45-505
Låtskrivar(ar) Roy Orbison og Joe Melson
Roy Orbison-kronologi 
«Paper Boy»
(1959)
Up Town «Only the Lonely»
(1960)


«Up Town» er ein song av Roy Orbison frå 1959. Han er skriven av Orbison og Joe Melson og gjeven ut på singel av Monument Records 30. november 1959.

Songen var ein av tre nye songar som vart spelt inn under same økta i Nashville. Under innspelinga bad Orbison om å få strykarar i studio. Strykarane var dirigert av Bob Moore.

Medlåtskrivaren Melson vart imponert over resultat og sa seinare: «Me stod i studio, lytta til opptaket og tenkte at det var den vakraste lyden i verda».[1] The Rolling Stone Illustrated History of Rock and Roll skriv at musikken Orbison laga i Nashville «gav rocken ein ny glans», og samanlikna dei melodramatiske effektane orkesterakkompagnementet gav med produksjonen til Phil Spector.[2]

Singelen nådde 78. plassen på den amerikanske singellista i 1959, den første singelen hans på lista sidan «Ooby Dooby» i 1956. B-sida til singelen var «Pretty One», skriven av Orbison.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Clayson, Alan (1989). Only the Lonely: Roy Orbison's Life and Legacy, St. Martin's Press. ISBN 0-312-03961-1
  • DeCurtis, Anthony; Henke, James (eds.) (1992). The Rolling Stone Illustrated History of Rock & Roll, Random House. ISBN 0-679-73728-6
  1. Clayson, Alan, s. 70–71.
  2. DeCurtis and Henke, s. 155.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]