Urubambadalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Urubambadalen
Dal
Land  Peru,  Peru
Del av Southern Sierra (Peru)
Kart
Urubambadalen
13°20′00″S 72°05′00″W / 13.333333333333°S 72.083333333333°W / -13.333333333333; -72.083333333333
Wikimedia Commons: Sacred Valley

Urubambadalen (spansk: Valle Sagrado de los Incas -Inkaene sin heilage dal; quechua: Willka Qhichwa), er eit dalføre i Andesfjella i Peru, nord for inkahovudstaden Cuzco. Han ligg i den noverande peruanske regionen Cuzco. Den heilage dalen vart sakte innlemma i det byrjande Inkariket i perioden frå 1000 til 1400.[1] Urubambadalen er i dag eit viktig turistmål. I 2019 besøkte 1,6 millionar menneske den mest kjende arkeologiske staden, Machu Picchu, dei fleste av dei var ikkje-peruanarar.[2] Mange av dei same turistane besøkte også andre arkeologiske stader og moderne byar i dalen.

Denne fruktbare dalen strekkjer seg frå Pisac til Ollantaytambo, og får vasstilførsel frå elva Urubamba. Chanapata-sivilisasjonen brukte først dette området frå rundt 800 fvt på grunn av det rike jordsmonnet som vart nytta til jordbruk. Qotacalla-sivilisasjonen levde i dalføret frå 500 til 900 e.Kr. Killke-sivilisasjonen levde deretter i dalen frå 900 til Inkariket tok over regionen i 1420. Inkaene styrte dette området til spanjolane overtok makta i regionen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Frå Urumambadalen
Inkaruinar og terrasar nær Pisac

Dalen, som ligg generelt frå vest til aust, blir rekna for å omfatte landet langs Urubamba-elva mellom byen og Inka-ruinane ved Písac og Machu Picchu, ein avstand på 100 kilometer. Høgdnivået varierer frå ca. 3000 meter over havet ved Pisac ned til 2050 meter ved Urubamba-elva under citadellet til Machu Picchu. På begge sider av elva stig fjella høgt, spesielt mot nord til over 5800 moh. Den intenst dyrka dalbotnen er i gjennomsnitt omtrent 1 kilometer brei. Sidedalar og landbruksterrassar utvidar det dyrkbare arealet.[3]

Dalen vart danna av Urubamba-elva, også kjent som Vilcanota-elva, Willkanuta-elva (aymara, «huset til sola») eller Willkamayu (quechua, den heilage elva). Ei rekkje sideelvar som går ned gjennom tilstøytande dalar og kløftar gjev vasstilførsel til Urubambaelva. Sidedalane inneheld også mange arkeologiske stader og landsbyar. Urubambadalen var det viktigaste området for maisproduksjon i hjartet av Inkariket, og tilgang gjennom dalen til tropiske område gjorde det lettare å skaffe produkt som kokablad og chilipepar til Cuzco.[4]

Nedbøren, konsentrert frå oktober til april, utgjer totalt gjennomsnittleg 527 millimeter årleg, og månadlege gjennomsnittstemperaturar varierer mellom 15,4 °C i november, den varmaste månaden, til 12,2 °C i juli den kaldaste månaden.[5]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei tidlegaste inkaene budde i Cuzco-området.[6] Med hjelp av erobring eller ved diplomati gjennom perioden 1000 til 1400 e.Kr., oppnådde inkaene administrativ kontroll over dei ulike etniske gruppene som budde i eller nær Urubambadalen.[1]

Attraksjonen til den heilage dalen til inkaene, i tillegg til dens nærleik til Cuzco, var sannsynlegvis at han var lågare i høgda og derfor varmare enn noko anna nærliggjande område. Den nedre høgda tillét mais å dyrkast i Urubambadalen. Mais var ei prestisjeavling for inkaene, spesielt for å lage chicha, ein alkoholhaldig maisdrikk som inkaene og undersåttane deira konsumerte i store mengder på dei mange seremonielle høgtidene deira og religiøse høgtider.[7]

Inkaene bygde omfattande vatningsanlegg i heile dalen for å motverke manglar og sesongvariasjonar i nedbør. Landbruksterrassar, kalla andanes, vart bygd opp i åssidene som flankerer dalbotnen og er i dag dei mest synlege og utbreidde teikna på inka-sivilisasjonen i Den heilage dal.[8]

I 1537 kjempa og vann inkakeisaren Manco Cápac II slaget ved Ollantaytambo mot ein spansk hær leidd av Hernando Pizarro. Likevel trekte Manco seg snart tilbake frå den heilage dalen og området kom under kontroll av dei spanske kolonialistene.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Bauer, Brian S.; Covey, R. Alan (2002). «Processes of State Formation in the Inca Heartland (Cuzco, Peru)». American Anthropologist 104 (3): 846–64. doi:10.1525/aa.2002.104.3.846. 
  2. Glazier, Elysia (18. november 2023). «How Many Tourists Visit Machu Picchu Every Year». TouristSecrets (på engelsk). Henta 4. januar 2024. 
  3. «Google maps». 
  4. Covey, R. Alan (2009). How the Incas built their Heartland. Ann Arbor: University of Michigan Press. s. 43-44. 
  5. D'Altroy, Terence N (2003). The Incas. Malden, MA: Blackwell Publishing. s. 127–40. 
  6. Alan Covey, R (2003). «A processual study of Inka state formation». Journal of Anthropological Archaeology 22 (4): 333–57. doi:10.1016/S0278-4165(03)00030-8. 
  7. D'Altroy, s. 189
  8. Guillet, David (1987). «Terracing and Irrigation in the Peruvian Highlands». Current Anthropology 28 (4): 409–10. 
  9. Hemming, John (1970). The Conquest of the Incas, New York: Harcourt Brace Jovanovich, pp. 213–32.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Urubambadalen