Utsylta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Utsylta er ein del av grenda Sylta på Radøy. Garden er delt i mange små bruk. Namnet Sylta kan tyde vassjuk mark ved sjøen. Det er grave fram restar av langhus på Sylta, som truleg vart rydda i den eldre jernalderen.

Garden er nemnd første gongen i Bergen Kalvskinn, ei bok skriven kring 1360. Garden låg under biskopen i Bergen. Etter reformasjonen vart han lagd til krongodset. Garden vart delt både på 1600-talet og på 1800-talet, slik at det rundt 1900 var sju små bruk på Utsylta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]