Uummannaq

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Uummannaq
by
Land  Grønland
Kommune Avannaata kommune
Areal 10,29 km²
Folketal 1 407 (1. januar 2020)[1]
Kart
Uummannaq
70°40′29″N 52°07′35″W / 70.674722222222°N 52.126388888889°W / 70.674722222222; -52.126388888889
Wikimedia Commons: Uummannaq

Uummannaq (tidlegare stava Umanak), er ein by i Vest-Grønland i Avannaata kommune (frå 2009-17 i Qaasuitsup kommune) på ei 12 km² stor øy. Han ligg i fjorden med same namn, 460 km nordafor polarsirkelen.[2] Posisjonen hans er 70° 40'N 52° 08' W. Uummannaq har 1281 innbyggjarar, og er den åttande største byen på Grønland.

Uummannaq betyr ‘hjarteforma fjell’, og har namn etter det nærliggande fjellet, som er eit kjennemerke for byen. Fleire stader langs kysten av Grønland er det fleire stader med nemnet «Uummannaq». Dette har vore tydelege, naturskapte kjenneteikn som har vore brukte til å skildra vegen for reisande i umiaq og kajakk. Når ein kunne lokalisera desse naturskapte kjenneteikna, blei ein letta og oppliva, sjølv om ein var trøytt etter ein lang dags reise.

Hovudnæringsvegen er fiskeri (særleg av blåkveite). Fisken blir behandla på moderne fabrikkar fleire stader i byen.Det finst 2 daglegvareforretninger med eit velassorteret vareutval, tømmerhandel, møbelforretning, kiosk, grillbar, vertshus og «Brædtet», der fiskarar og fangstfolk sel dagens fangst. Eit passasjerskip kom fram til 2006 til staden ein gong i veka i sommarhalvåret. Det er helikopterplass i byen, som gjev helikoptersamband til dei 7 bygdene i tidlegare Uummannaq kommune og til lufthamna. Uummannaq kufthamn i Qaarsuarsuit ved bygda Qaarsut blei innvigd 29. september 1999.

Eit anna kjennemerke for byen er Uummannaq kyrkje, som blei oppført 1935 av av granitt frå staden. Kyrkja er den einaste større steinkyrkja i bruk på Grønland.

Rundt 10 % av innbyggjarane i byen er danskar. Byen har ein velutbygd folkeskule med bibliotek for alle, andre undervisningsinstitusjonar, sportsfasilitetar og eit sjukehus med 17 sengeplassar. I i den nordaustlege delen av byen er det ved hjelp av sprengingar anlagt ein fotballbane og ein kyrkjegard. To vatn med ferskvatn i nærleiken av byen blir brukt som reserve for vassforsyning. Dei fleste hus har innlagt vatn i form av vassleiing eller vasstank med pumpe til drikke- og forbruksvatn og får påfylt vatn etter behov. Det har derimot ikkje vore økonomisk muleg å etablera eit kloakksystem i byen, så ein nyttar toalett som blir tømt av renovasjonsfirmaet 3 gongar i veka.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg var levegrunnlaget på staden fangst, som blei utført ved hjelp av hundeslede og kajakk. Innbyggjarane budde i små jordhus.

På 1600- og 1700-talet og var det fleire kvalfangststasjonar i området, uten dei heilt store fangstresultata. I kjølvatnet av kvalfangarane kom kjøpmenn og misjonærar, og i 1763 blei kolonien Uummannaq grunnlagd av den danske kolonibestyraren I.H. Bruun.

100 km seglas frå Uummannaq ligg Maamorilik. I Maamorilik er det ei gruver som blir kalla Den svarte Engel. Ho blei opna opp att i 2010 etter å ha vore lukka i omlag 20 år, men er no lukka igjen.

Uummannaq har mange arkeologiske og historiske minnesmerke. Byen har ein del gamle bygningar og bevarte jordhus. I nærleiken av byen ligg ein gammal vinterbuplass, Qilakitsoq, der ein har gjort eit av dei mest merkverdige funna på Grønland. I 1972 blei det funne ei gruppe særdeles velbevarte mumiar beståande av seks vaksne og to barn. Mumiane, som kan daterast til omlag år 1475, er no stilt ut på Grønlands Nationalmuseum i Nuuk og er det eldste kjente funnet av velbevarte menneske og drakter i heile den arktiske kulturkrinsen.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Uummannaq-området har eit stabilt, tørt, arktisk klima med omlag 2000 soltimar og omlag 100 mm nedbør i året. I dei kaldaste månadene februar og mars kan temperaturen vera minus 35 eller meir, medan temperaturar på pluss 15–18 C er vanlege om sommaren. På grunn av den tørre lufta blir klimaet opplevd som varmare enn det termometeret viser. I Uummannaq er det mørketid frå 8. november til 4. februar. Til gjengjeld har ein midnattssol frå 16. mai til 28. juli.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

På den lokale marknaden Brædtet sel fiskarar og fangstfolk dagens fangst. Vareutvalet er årstidsbestemt, men gjer det mogleg å kjøpa lokalt kjøt og fisk. Uummannaq er mellom anna kjend for å vera staden der ein stor del av DR1 sin julekalender Nissebanden i Grønland blei tatt opp. Denne blei sendt for fyrste gong i 1989.

Eit torvhus som blei brukt som bustad fram til 1980 blir brukt av turistar til overnatting i historiske omgjevnader.

Byen er omgitt av øyar og halvøyar med opptil 2200 meter høge fjell. Havet omkring Uummannaq er rikt på kvalar, og det flyt store isfjell overalt.

Det er høve til å køyra med hundeslede, på båtturar, langlinefiskeri og gå tur i den eineståande naturen omkring Uummannaq. I periodar der vêret ikkje tillèt så mykje utandørs aktivitet er det mogleg å delta i i det livlege klubblivet i byen.

Sledesesongen byrja som regel kring februar, når isen har lagt seg på fjorden, og varer til ein gong i mai. Der blir òg tilbode fisking på langline av m.a. blåkveite, steinbit og hai. Når isen er borte og og sola skin heile døgnet, kan ein som lokalbefolkninga ta oppi fjellet, grilla, eller segla om i fjordsystemet på jakt etter selar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Uummannaq