Hopp til innhald

Vårpryd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vårpryd
Vårpryd
Vårpryd
Status
Status i Noreg: Framandart med potensielt høg risiko
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Aspargesfamilien Asparagaceae
Underfamilie: Scilloideae
Slekt: Vårprydslekta Puschkinia
Art: Vårpryd P. scilloides
Vitskapleg namn
Puschkinia scilloides

Vårpryd (Puschkinia scilloides) er ei plante i vårprydslekta i aspargesfamilien.[1] Arten kjem opphavleg frå Vest-Asia.[2]

I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som vart funnen forvilla i 1970. Arten er i rask auke og veks spreidd langs kysten frå Østfold til Flekkefjord og her og der nord til Tromsø.[2] I Framandartslista 2023 er arten registrert med potensielt høg risiko (PH),[3] oppgradert frå låg risiko (LO) i 2018.[4]

  1. «Artsdatabanken: Vårpryd». Artsdatabanken. Henta 8. mars 2023. 
  2. 2,0 2,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 221. 
  3. «Fremmedartslista 2023: vårpryd Puschkinia scilloides Adams». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 12. februar 2024. 
  4. «Fremmedartslista 2018: Puschkinia scilloides vårpryd». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 8. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]