Vækerø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå Vækerø

Vækerø er eit strøk i bydel Ullern i Oslo. Det ligg mellom Sollerud i vest og nord, og Bestum i aust og nord, med Bestumkilen – ein del av Oslofjorden – i sør.

Namnet på området kjem frå Vækerø gard. Strøket har ei blanding av bustader og næringsliv. Desse er gjerne òg knytt til gardshistoria. Mellom anna held Maxbo til her, som er heileigd av Løvenskiold–Vækerø, eigarane av garden før mesteparten av han vart seld til Norsk Hydro. Dei la på si side hovudkontoret sitt her, som opna i 1985.

Drammenbanen og E18 i form av Drammensveien går tvers gjennom strøket. Dette har sett preg på utviklinga. Jarnbana førte til bygginga av mange bustader her etter opninga til banen i 1872, medan motorvegen har gjort at området er sterkt trafikkert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]