Skeise-VM 1984 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 1984 for kvinner fann stad i Deventer i Nederland helga 28. og 29. januar 1984. 33 utøvarar frå 10 land deltok i stemnet, av dei einast ein frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1500 m, 3 000 m og 5 000 meter.

Karin Enke frå Aust-Tyskland fekk bestetid på dei tre fyrste distansane og vart verdsmeister framom tittelforsvarar Andrea Mitscherlich som sigra på den avsluttande 5 000-meteren.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Karin Enke  Aust-Tyskland 175,510
Sølv Andrea Ehrig-Mitscherlich  Aust-Tyskland 176,980
Bronse Gabi Schönbrunn  Aust-Tyskland 181,063
4 Natalja Petrusjova  Sovjetunionen 181,765
5 Sabine Brehm  Aust-Tyskland 182,079
6 Olga Plesjkova  Sovjetunionen 182,839
7 Natalja Sjive-Glebova  Sovjetunionen 183,255
8 Valentina Lalenkova  Sovjetunionen 183,438
9 Bjørg Eva Jensen  Noreg 183,698

Kjelder[endre | endre wikiteksten]