Vadfoss/Helle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vadfoss/Helle
tettstad
Helle kirke.jpg
Helle kyrkje, vigsla i 1994
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Telemark
Kommune Kragerø
Areal 1,34 km²
Folketal 1 625 (2017)
Folketettleik 1 213 / km²
Postnummer Vadfoss: 3770 KRAGERØ
Helle: 3790 HELLE

Vadfoss/Helle er ein tettstad i Kragerø kommune i Telemark fylke. Han har 1 625 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg nokre kilometer nord og nordvest for Kragerø by.

Helle[endre | endre wikiteksten]

Helle er ein gammal strandstad og seinare industristad på nordsida av Hellefjorden. Det har vore sagbruk på staden allt frå 1556 fram til 1930,[1][2] og deretter ein kjettingfabrikk som i 2005 flytta til Sannidal[3]. Helle låg opphavleg på begge sider av grensa mellom Skåtøy og Sannidal sokn, men i 2005 vart grensene endra slik at staden udelt høyrde til Sannidal.[4]

Vadfoss[endre | endre wikiteksten]

Vadfoss er opphavleg ein industristad ved Kammerfosselva som blei bygd opp kring Vafos brug, noverande Vafos AS, tresliperi og papirmassefabrikk, skipa i 1890.[5]. Han låg opphavleg i Sannidal sokn.

Éin tettstad[endre | endre wikiteksten]

Ved den nye tettstadsavgrensinga frå 2000 blei dei to tettstadene rekna som éin, men den gamle, vestre delen av Vadfoss (ved Vadfoss gamle jernbanestasjon) var ikkje lenger medrekna, berre den austre delen rundt Årø. Frå 2010 utgjer Vadfoss og Helle storparten av Helle sokn som då blei oppretta ved frådeling av Sannidal sokn.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling på Vadfoss og Helle
År Innbyggjarar
1865
  
305
1875
  
370
1890
  
372
1900
  
361
1910
  
290
1920
  
401+161
1930
  
503+138
1946
  
470+407
1950
  
456+310
1960
  
426+308
1970
  
565+269
1980
  
887+740
1990
  
843+985
2000
  
1 610
2009
  
1 554
2012
  
1 556
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar

Tala 1865-1910 viser berre til Helle
Tala 1920-1990 viser til Helle+Vadfoss
F.o.m. 2000 er dei to stadene definert som éin tettstad

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]