Valérie Nicolas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valérie Nicolas


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 12. mars 1975 (49 år)
Lampaul-Guimiliau
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004

Valérie Nicolas (fødd 12. mars 1975) er ein fransk tidlegare handballspelar frå Lampaul-Guimiliau som vart verdsmeister med Frankrike i 2003 og vann VM-sølv 1999 og EM-bronse i 2002 og 2006. Målvakta vann òg Meisterligaen 2006 med danske Viborg HK.

Nicolas spelte 1993-95 på Gagny Paris og 1997-2003 på ES Besançon, med sistnemnde vann ho tre franske seriemeisterskap og like mange nasjonale cuptriumfar. I 2003 tok ho steget over til dansk klubbhandball og gjorde teneste i Viborg HK til 2007, medan ho 2007/08-sesongen spelte på Ikast/Bording. Med Viborg vart ho dansk seriemeister 2004 og 2006, vinnar av EHF-cupen i 2004 og Meisterligaen 2006. I tida 2008-12 var ho aktiv i franskeNice.

Nicolas debuterte på Frankrike sitt landslag i 1995 og spelte 245 landskampar opp til 2008. Ho markerte seg fyrste gongen då Frankrike overraska vertslandet Noreg under VM-finalen 1999Lillehammer, der Noreg måtte han ekstraomgangar for å vinne pokalen. Tre år seinare tok Nicolas og Frankrike bronse under EM 2002. Året etter spelte Nicolas ei avgjerande rolle då Frankrike snytte Ungarn for VM-gullet. Etter å ha lege under heile finalekampen i Zagreb, makta Frankrike å sikre seg ekstraomgangar, to ekstraomgangar der Nicolas «stengde» målet og Frankrike vann VM-pokalen med 32 mot 29 mål. Nicolas vart då kåra til beste målvakt i meisterskapen, ein pris ho fekk også i VM 2007. Før den tid var ho i 2006 med å vinne si andre bronsemedalje i eit handball-EM. I alt deltok ho i seks verdsmeisterskap, tre europameisterskap og like mange sommarleikar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]