Val Müstair
Val Müstair | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | Graubünden | ||
Distrikt | Inn | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
198,65 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
1 592 8 /km² | ||
Koordinatar | 46°36′0″N 10°25′0″E / 46.60000°N 10.41667°E | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 7537 | ||
Nettstad: www.muenstertal.ch |
Val Müstair (tysk Münstertal, italiensk Val Monastero) er ein kommune og ein dal i distriktet Inn i den sveitsiske kantonen Graubünden. Kommunen har 1 592 innbyggjarar (2010) og eit areal på 200 km².
Dalen strekkjer seg inn i Italia og grensar til Fuornpasset, (2 149 moh) med Sør-Tyrol på andre sida og Vinschgau-Val Venosta (914 moh).
Kommunen vart skapt 1. januar 2009 då Tschierv, Fuldera, Lü, Valchava, Santa Maria Val Müstair og Müstair vart slått saman.
Benediktinarklosteret St. Johannes ved Müstair er ein verdsarvstad som truleg vart grunnlagd av Karl den store.
Dei viktigaste landsbyane i Val Müstair er Tschierv (1660 meter), Valchava (1412 meter), Santa Maria (1375 meter), Müstair (1247 meter) (i Sveits) og Taufers im Münstertal i Sør-Tyrol. Ingen av sidedalane er busette, men vegen over Umbrailpasset (og Stelviopasset) går via Santa Maria.
Største delen av dalen ligg i kantonen Graubünden i Sveits. Ein liten del ligg i regionen Trentino-Alto Adige (Sør-Tyrol) i Italia. Grensa går i om lag 1 245 meter høgd mellom Müstair og Taufers-Tubre på 1240 meter.
Elva som renn gjennom dalen er Ram (Il Rom eller Rombach).
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Val Müstair frå Engelsk Wikipedia .
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Turissem Val Müstair -- Turistside
- St. Johannes- kloster
- Kart[daud lenkje]
- Grimm, PE: Val Müstair på Romansh, tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera. Versjon frå 2007-12-20.
- Fuldera på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.
- Lü på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.
- Müstair (kommune) på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.
- Sta. Maria Val Müstair på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.
- Tschierv på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.
- Valchava på Romansh, tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.