Valdemar den unge
Valdemar den unge | |||
| |||
Fødd | 1209 Danmark | ||
---|---|---|---|
Død | 28. november 1231 | ||
Tittel | Danmarks monark | ||
Hus eller slekt | Huset Estridsen | ||
Gravstad | St. Bendts kirke | ||
Land | Kongeriket Danmark | ||
Mor | Dagmar av Danmark | ||
Far | Valdemar II av Danmark | ||
Ektefelle | Eleonore av Portugal | ||
Barn | Sophie Valdemarsdatter |
Valdemar den unge (kring 1209–28. november 1231) var dansk medkonge i åra 1215–1231.
Han var det einaste barnet til Valdemar Sejr] og dronning Dagmar. Allereie då han var seks år gammal tok faren han som medkonge. I 1218 blei han også krona i Slesvig.[1][2]
Under ei jakt på Lyø i Sydfynske Øhav, blei Valdemar og faren tekne til fange av grev Henrik av Schwerin (ca. 1155–1228). Tre år seinare blei dei sleppte fri.
I 1229 gifta Valdemar seg med den portugisiske kongsdottera Eleonore, ei brordotter av Valdemar Sejr si anndre kone Berengária. Eleonore døydde i barselseng allereie i 1231, og barnet deira blei berre eit halvt år gammalt. Sjølv døydde Valdemar av eit vådeskot under ei jakt på Refsnæs i 1231.[1] Forfatter, filolog og prest Laurids Olufsen Kock (ca. 1634–1691) skreiv visa «Jagten paa Refsnæs» til minne om hendinga.[3]
Paret er gravlagd i St. Bendts kirke i Ringsted på Sjælland.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Valdemar den Unge, Salmonsens konversationsleksikon. Besøkt 2. mai 2016
- ↑ Kryger, Karin et al.: Danske kongegrave I, Museum Tusculanums Forlag, 2014, s. 304
- ↑ Kock, Laur. Olufsen, Dansk biografisk Lexikon. Besøkt 2. mai 2016
- Denne artikkelen bygger på «Valdemar den unge» frå Wikipedia på bokmål, den 19. desember 2019.