Valdresskifer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Valdresskifer er ein fyllittskifer. Han er grå/grøn av farge. Der er førekomstar fleire stader, særleg i Øystre Slidre, mellom anna med gruver i Rogne. Det er over 50 gruver i området. Skifer herfrå har vorte brukt særleg til taktekking, heller og gravsteinar.

Skiferdrift var ein omfattande industriell verksemd i Valdres frå 1810, men uttak av skifer er kjent tilbake til 1600-talet. I 1893 var 100 personar sysselsett med produksjon av skifer. Valdres Skiferbrudd vart stifta 1899 og omkring 1910 var 150 personar tilsett. Det var stor eksport til utlandet bl.a England, Belgia, Nederland og Italia. I mellomkrigstida fall produksjonen av skifer, og drifta vart lagt ned i 1953. Frå 1960 har Fjellhammar bruk (seinare Icopal) produsert knust skifer til å strø over takpapp.

Valdres Skiferbrot er i dag museum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]