Valentí Massana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Valentí Massana
Valentí Massana.JPG
Statsborgarskap Spania
Fødd 5. juli 1970
Viladecans
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Valentí Massana Gràcia (fødd 5. juli 1970) er ein spansk tidlegare kappgjengar frå Viladecans i Barcelona-provinsen. Han vart verdsmeister på 20 km i 1993, og vann elles sølvmedalje på 20 km i VM 1995, og bronsemedaljar på 20 km i EM 1994 og 50 km i OL 1996.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Massana gjorde ei heil rekke framifrå tevlingar i dei store meisterskapane i tida 1990-2001. Etter fjerde- og femteplass på 20 km i europameisterskapen 1990 og verdsmeisterskapen 1991, vart Massana diskvalifisert då dei olympiske sommarleikane fann stad på heimegrunn i Barcelona i 1992.

Året etter kom høgdepunktet til Massana då han under VM 1993 i Stuttgart vann gull på 20-kolometeren, eit halvminutt føre italienaren Giovanni de Benedictis. Mexikanaren Daniel García låg elles hakk i hæl på Massana inn på stadion, men han vart diskvalifisert få hundre meter frå målstreken. Ved EM i Helsinki i 1994 kneip Massana bronsen. I 1995 drog Massana nytte av at Daniel García på ny vart diska kort før mål, dermed fekk Massana sølvmedaljen på 20 km, gullet tok Michele Didoni frå Italia.

Frå 1996 satsa Massana oftast på 50 km. Under Sommar-OL 1996 i Atlanta gjekk han inn til bronsemedalje på distansen, Robert Korzeniowski frå Polen tok gulll og russaren Mikhail Sjtsjennikov sølv. Sidan gjekk Massana inn til fjerdeplassen på 50 km i VM 1999 og i Sommar-OL 2000, begge gongane utan å vere med i medaljestriden mot slutten av dei nemnde tevlingane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]