Valentina Litujeva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Valentina Litujeva
Fødd 28. februar 1930
St. Petersburg
Død

4. april 2008

Valentina Mikhailovna Litujeva, fødd Bogdanova, (28. februar 19304. april 2008) var ein sovjetisk friidrettsutøvar frå Leningrad.

Bogdanova vann lengdehopp-tevlinga under europameisterskapen 1950 i Brüssel med eit hopp på 5,82 meter. Ho hadde 19 centimeter til gode på sølvvinnaren Wilhelmina Lust frå Nederland.

Etter at ho hadde gifta seg med hekkeløparen Jurij Litujev, enda ho som Valentina Litujeva på ellevteplass i lengdehopp med 5,65 m då Sommar-OL 1952 fann stad i Helsinki. Same sesongen vart ho sovjetisk meister i lengdehopp etter å ha landa på 5,98 m, hennar einaste nasjonale tittel.

Ved EM i friidrett 1958 i Stockholm nådde ho 6,00 meter og berga sølvmedaljen med kanpp margin, to andre utøvarar stoppa på 5,99 m. To veker etter europameisterskapen gjorde ho i Moskva sitt livs lengste lengdehopp; 6,10 meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]