Jurij Litujev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jurij Litujev
Fødd 11. april 1925
Irbit
Død

2. mars 2000
Moskva

Jurij Nikolajevitsj Litujev (11. april 19252. mars 2000) var ein russisk friidrettsutøvar frå Irbit som representerte Sovjetunionen. Han vann EM-gull på 400 meter hekk i 1958, samt to EM-sølv og eitt OL-sølv i same øvinga i tida 1950-56.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Litujev, som deltok som soldat i den store fedrelandskrigen fram til 1945, var frå 1950 ein av dei aller beste langhekkløparane i verda. I 1950 vart han nummer to på 400 m hekk då friidretts-EM fann stad i Brussel. To år seinare vann han ein ny sølvmedalje under Sommar-OL 1952 i Helsinki. Året efter slo han Glenn Hardin sin 19 år gamle verdsrekord då han 20. august 1953 i Budapest sprang på 50,4 sekundar, hans livs kjappaste løp. Rekorden stod seg eitt år til Glenn Davis forbetra den.

Ved EM i friidrett 1954 i Bern tok Litujev si tredje rake sølvemedalje, noko overraskande måtte han gje tapt for landsmannen Anatolij Julin. Under dei olympiske leikane 1956 i Melbourne enda Litujev på fjerdeplassen, slått av tre karar frå USA.

Litujev sin store triumf kom i hans siste store meisterskap, EM i friidrett 1958 i Stockholm. Med tida 51,1 sekundar vann han ein klar siger framom Per-Owe Trollsås frå arrangørlandet.

Åra 1950-55 og 1957-58 vart Litujev sovjetmeister på 400 m hekk, i 1959 vart han nummer to.

Han var gift med Valentina Bogdanova.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]