Valerij Bortsjin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valerij Bortsjin


Statsborgarskap Russland
Fødd 11. september 1986 (37 år)
Povodimovo
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008

Utmerkingar

Venskapsordenen

Valerij Viktorovitsj Bortsjin (fødd 3. juli 1986) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Mordovia som i 2008 vart olympisk meister i 20 km kappgang. Han vart også kåra til verdsmeister i same øvinga både i 2009 og 2011, begge triumfane vart annullerte i 2015.

Bortsjin vart andremann i 20 km kappgang ved EM 2006 i Göteborg, eit lite minutt bakom Francisco Javier Fernández frå Spania. To år seinare vann Bortsjin den olympiske gullmedaljen under sommarleikane i Beijing, 14 sekundar før den trefaldige verdsmeisteren i øvinga, Jefferson Pérez frå Mexico.

Både i 2009 og 2011 gjekk Bortsjin inn til siger på 20 km under verdsmeisterskapane i høvesvis Berlin og Daegu. Då desse prestasjonane vart underkjende i 2015, vedtok Det internasjonale friidrettsforbundet at tredjemann i Daegu, Luis Fernando López frå Colombia, skulle tildelast gullmedaljen i 20 km kappgang for 2011.

Under Sommar-OL 2012 kollapsa Bortsjin etter 18 km og braut tevlinga.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Bortsjin var i tida juni 2005- mai 2006 stengd ute frå friidretten grunna doping. I 2015 vart alle hans prestasjonar frå juli 2009 til og Sommar-OL 2012 annullerte, ettersom hans biologiske pass viste store, uforklarlege utslag i den gjeldande perioden, funn som ikkje var kjende med han deltok internasjonalt.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]