Valerij Ljukin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valerij Ljukin


Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 17. desember 1966 (57 år)
Aktobe
Idrett apparatturn for menn, turn
Tok del i

Asialekene 1994, gymnastics at the 1988 Summer Olympics – men's artistic individual all-around, gymnastics at the 1988 Summer Olympics – men's horizontal bar, gymnastics at the 1988 Summer Olympics – men's parallel bars

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Valerij Viktorovitsj Ljukin (fødd 17. desember 1966) er ein tidlegare turnar som representerte Sovjetunionen. Han vart i 1988 olympisk meister i svingstang og i lagtevlinga.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Ljukin sikra seg fire gullmedaljar, ein sølvmedalje og ein bronsemedalje ved europameisterskapen 1987 i Moskva, mellom anna vart han europameister i mangekampen. Hausten same året vann han gull i lagtevlinga ved Turn-VM 1987 i Rotterdam, saman med karar som Dmitrij Bilozertsjev og Vladimir Artjomov. Under Sommar-OL 1988 i Seoul bidrog dei same tre turnarane til at Sovjetunionen tok gull i lagkampen. I mangekampen sigra Artemov føre Ljukin og med Bilozertsjev på tredjeplass. I apparat-finalane vann Ljukin gull i svingstang og sølv i skranke. Hausten 1991 vann han gull med det sovjetiske mannskapet i lagkampen ved verdsmeisterskapen i Indianapolis, då med lagkameratar som belarusaren Vitalj Sjtsjerba og ukrainaren Hryhorij Misjutin. I mangekampen vart Ljukin tredjemann, bak nettopp Misjutin og Sjtsjerba.

Ljukin utvandra til USA i 1992. Der var han trenar for dottera Nastia Liukin som i 2008 vart olympisk meister for USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]