Vandredue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vandredue
ROM-BirdGallery-PassengerPigeon.png
Utstoppa vandredue
Vitskapleg namn
Ectopistes migratorius
Utbreiing
Status i verda: EX Utrydda
Habitat: innland
Utbreiing: USA

Utbreiingskart
Utbreiingsområdet til vandredua. Hekkeområdet er markert med raudt.

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Columbiformes
Familie: Columbidae
Slekt: Ectopistes

Vandredue (Ectopistes migratorius) er ein utdøydd fugleart i duefamilien. Arten levde på 1800-talet i store flokkar aust i Nord-Amerika. Ho blei utrydda tidleg på 1900-talet etter massiv jakt.

Vandredue i fangenskap. Bilete frå 1896.
Vandredueegg.

Vandredua var litt mindre enn ei tamdue. Ho var gråblå på oversida, raudbrun på undersida og hadde lang hale.

Fuglen var viktig for amerikanske urfolk, både som matkjelde og i ritual. Etter koloniseringa blei ho også eten av nybyggjarar. Frå andre halvdelen av 1800-talet blei fangar duer tilmed sende med jernbane til amerikanske byar.

Tidleg på 1800-talet var vandredua så talrik at duereira skal ha fått greiner til å knekka av tre medan flokkane gjorde stor skade på kornavlingar. Etter storstilt fanging og skyting av duene gjekk fugletalet raskt ned frå 1870-åra. Bestanden braut saman og kunne ikkje formeira seg i store flokkar slik han tidlegare hadde gjort. Samstundes var store skogområde som duene hadde levd i blitt hogde ned og gjort om til jordbruksland.

Det siste ville eksemplaret av vandredue blei skote i 1906, og den siste vandredua i fangenskap, «Martha», døydde i Cincinnati zoologiske hage i USA 1. september 1914. Dua er stoppa ut og står på museum.

Utryddinga av vandredua i Amerika og geirfuglen i Europa førte til eit nytt syn på ville dyr ettersom mange innsåg at dei ikkje ville klara seg uansett kva folk gjorde. Hendingane gjorde at ein byrja tenka på bestandforvalting og jaktregulering, og la noko av grunnen for utviklinga av miljøvern.

Sørgedue (Zenaida macroura) er ein dueart som også høyrer heime i Nord-Amerika. Ho er rekna som den næraste nolevande slektningen til vandredua.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Vandredue» (15. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 13. juli 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vandredue
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Ectopistes migratorius