Geirfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Geirfugl».


Geirfugl

Status i verda: EX Utrydda

Teikning av geirfugl
Teikning av geirfugl

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Alcidae
Slekt: Pinguinus
Vitskapleg namn
Pinguinus impennis
Geirfugl
Namn på andre språk
Svensk Garfågel
Dansk Gejrfugl
Engelsk Great Auk
Tysk Riesenalk
Fransk Grand Pingouin
Spansk Alca gigante
Russisk Beskrylaja gagarka (Бескрылая гагарка)

Geirfugl (Pinguinus impennis) er eit fugleslag som sokna til alkefamilien, men som har døydd ut. Han var opptil sytti cm lang, med nebb lik ein alke, kvit undersida og svart oversida, hadde stutte venger og var ikkje før til å flyga. Hovudet var svart med ein kvit flekk føre kvart auga. Geirfuglen var i grunnen tolleg lik på pingvinen å sjå til, men hadde ingen skyldskap med denne. Geirfuglen var god til å symja, og levde av fisk langsmed kystane nord i Atlanterhavet.

Fram til vikingtidi var geirfugl tidsynt i Noreg, men gjekk sidan snøgt attende grunna veiding. I andre luter av Nord-Atlanteren var han vanleg so seint som på 1500-talet. Lengst heldt han stand på Island der dei siste tvo geirfuglane vart drepne på Eldey den 3. juni 1844. Det skal ha vorte sett geirfugl i Vardø i 1848 og på Grønland fleire gonger på 1850-talet, men dette er ikkje slege fast og gått god for som visse observasjonar. Årsaki til at geirfuglen døydde ut var fyrst og fremst overdrivi veiding. Ein mindre fuglesetnad munde overlevd på Island, men samlarar og museum var viljuge til å gjeva so mykje for utstoppa geirfugl at arten so å seia var dømd til å døy ut.

Namnet geirfugl kjem av norrønt geirr, spjut (etter det lange nebbet), og fugl.