Vaniljerot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vaniljerot
Vaniljerot
Vaniljerot
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Lyngordenen Ericales
Familie: Lyngfamilien Ericaceae
Underfamilie: Monotropoideae
Slekt: Vaniljerotslekta Monotropa
Art: Vaniljerot M. hypopitys
Vitskapleg namn
Monotropa hypopitys

Vaniljerot (Monotropa hypopitys) er ein planteart i vaniljerotslekta i lyngfamilien. Vaniljerot er ein fleirårig staudeplante som veks i tempererte område på den nordlege halvkula. Han finst i Asia, Europa og Nord-Amerika, men er sjeldan i mange av utbreiingsområda. Artsnamnet hypopitys kjem av latinisert gresk hypo-, 'under' og pitys, 'furu', som viser til kvar planten ofte veks.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vaniljerot med raudleg farge på skogbotnen i Massachusetts i USA.

Heile planten kan ha gulkvit til raudleg kvit farge. Til forskjell frå dei fleste andre plantar driv ikkje vaniljerotplantar fotosyntese og inneheld ikkje klorofyll. I staden får dei næring gjennom å vera parasittarmykorrhiza-nettverket mellom sopp og andre plantar. Sidan dei ikkje er avhengige av sollys kan dei veksa på svært mørke stader, som på skogbotnen.[2]

Vaniljerot har ein tjukk, nokså kjøtfull stilk som kan bli 10–35 cm høg. Stilken er eigentleg ein blomestand som er den einaste delen av planten som veks over jorda.[3] Han har høgblad som er 5–10 mm lange skjelaktige strukturar som dekkjer det meste av blomestanden. Blomane er 9–12 mm lange og kan sitja åleine eller i klasar på 2–11 på toppen av blomestanden.[4] Avhengig av veksestad kan plantane blomstra frå april til desember.[5] Plantar som blomstrar om sommaren er gule og sparsamt hårete, medan dei som blomstrar om hausten er raude og tetthåra. Blomane er nedbøygde medan planten er ung, men reiser seg opp når dei byrjar å mogna til fukt. Frukta er ein kapsel.

I Noreg finst to underartar av planten, lodden vaniljerot (M. hypopitys hypopitys) og snau vaniljerot (M. hypopitys hypophegea). Lodden vaniljerot veks i furuskog nord til Troms. Snau vaniljerot veks i furuskog nord til Trøndelag. Denne planten er oppført som nær truga i Noreg på Artsdatabanken si raudliste.[2]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Vaniljerot har vore kjend under ei rekkje namn, både vitskaplege og folkelege. Linné feilstava namnet hypopithys, noko mange botanikarar har følgd.[6][7][8] Andre bruker rettinga hypopitys.[9][10]

Variasjonen i farge, hårdekkje og talet på blomar har også ført til ei rekkje vitskaplege synonym for arten. Det er kjend over 80 synonym for vaniljerot,[11] som Hypopitys americana, H. fimbriata, H. insignata, H. lanuginosa, H. latisquama, H. monotropa, Monotropa chinensis, M. hypophegea, M. lanuginosa, M. latisquama, M. multiflora og M. taiwaniana.

Folkelege namn på planten på nokre ulike språk er dansk snylterod, svensk tallört (furu-urt), finsk mäntykukka ('furublom'), tysk Fichtenspargel (furu-asparges)[12] og engelsk Dutchman's pipe, false beech-drops, pinesap eller yellow bird's-nest.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. IPNI Plant Name Details, International Plant Names Index, 2005, henta 8. august 2009 
  2. 2,0 2,1 Vik, Unni (6. mars 2016), «Vaniljerot», Store norske leksikon, henta 18. april 2017 
  3. Wallace, G.D. (1975), Studies of the Monotropoidiae (Ericaceae): taxonomy and distribution, The Wassman Journal of Biology 
  4. Klinkenberg, Brian (Editor) (2014). «Monotropa hypopitys». E-Flora BC: Electronic Atlas of the Plants of British Columbia [eflora.bc.ca]. Lab for Advanced Spatial Analysis, Department of Geography, University of British Columbia, Vancouver. Henta 17. januar 2015. 
  5. Sullivan, Steven. K. (2015). «Monotropa hypopitys». Wildflower Search. Henta 17. januar 2015. 
  6. USDA, NRCS (2009), Plants profile for Monotropa hypopithys (pinesap), National Plant Data Center, Baton Rouge, LA, USA, henta 8. august 2009 
  7. ITIS Standard Report Page: Monotropa hypopithys, 24. juni 2009, henta 8. august 2009 
  8. Iqbal Dar, M., Monotropa hypopithys in Flora of Pakistan, eFloras.org, henta 8. august 2009 
  9. Monotropa hypopitys in the Linnaean Typification Project, The Natural History Museum, 2009, henta 8. august 2009 
  10. Qin, Haining; Stevens, Peter F.; Wallace, Gary D. (2005), Monotropa hypopitys in Flora of China, eFloras.org, henta 8. august 2009 
  11. Wallace, G.D. (1975), Studies of the Monotropoidiae (Ericaceae): taxonomy and distribution, The Wassman Journal of Biology 
  12. «Tallört», Den virtuella floran (Naturhistoriska riksmuseet)