Varepengar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øksaktige grzywna (varepengar) frå 800- til midten av 900-talet, funne i Kostkowice i Polen.
En okpoho eller manilla, tradisjonelle varepengar i Vest-Afrika fram til 1940-talet.

Varepengar er pengar som har ein verdi ut frå vara dei utgjer. Varepengar består av gjenstandar som har verdi i seg sjølv, i tillegg til ein verdi som betalingsmiddel.[1]

Varepengar (og varer) er den eldste forma for betalingsmiddel og mål av verdi.[2] Nokre døme på varer som har blitt brukt som byttemiddel er blant anna edelmetall som gull og sølv, i tillegg til kopar, som var blant dei best eigna varene ettersom dei hadde ein stabil verdi, og var både haldbare og delbare.[2] I tillegg til edelmetall har salt, peparkorn, te, store steiner (som rai-steinar), tekstilar, dekorerte belte, konkyliar, alkohol, sigarettar, cannabis, godteri, kakaobønner, kauriskjel og bygg hatt funksjon som varepengar gjennom historia.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Vadmål, ulltekstilar som blei gjevne særskilde verdiar og mål gjennom lovverket, blei brukt som betalingsmiddel på Island frå 1100-talet til inn på 1600-talet.[3]

I Canada, der Hudson's Bay Company og andre føretak som dreiv med pelshandel kontrollerte store delar av landet, fann pelshandlarar raskt ut av lokale folk ikkje var interesserte i å bytta til seg gull og sølv. Dei ville heller ha nyttige varer som våpen og reiskapar. I staden for å driva byttehandel, laga dei eit system som bygde på beverpels (ein såkalla made beaver, frå ein beverhann fanga om vinteren) som standard, og prissette varene etter dette:

  • 5 pund sukker kosta 1 beverpels
  • 2 sakser kosta 1 beverpels
  • 20 fiskekrokar kosta 1 beverpels
  • 1 par sko kosta 1 beverpels
  • 1 gevær kosta 12 beverpelsar

Ein konverterte pels frå andre dyr til beverpelsar etter standardiserte verdiar, og skapte slik ein valuta i ein økonomi der ein ikkje verdsette edelmetall.[4] Men handelspostar kunne også bytta beverskinn mot myntar av kopar eller messing med Hudson's Bay Company sitt stempel på.

Sigarettar og bensjun blei brukte som ei form for varepengar i nokre delar av Europa, som Tyskland, Frankrike og Belgia, like etter andre verdskrigen.[5] Sigarettar har halde fram med å brukast i fengsel og i krigsherja område der ein har mangelfull varetilgang eller økonomisk kollaps, som under omleiringa av Sarajevo i 1993[6] eller i russisk-okkuperte Kherson i 2022.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. O'Sullivan, Arthur; Steven M. Sheffrin (2003). Economics: Principles in action. Upper Saddle River, New Jersey 07458: Prentice Hall. s. 246. ISBN 0-13-063085-3. Arkivert frå originalen 20. desember 2016. Henta 10. oktober 2022. 
  2. 2,0 2,1 Paulsen, Erik O. & Skaare, Kolbjørn. (7. mai 2015). Mynt. I Store norske leksikon. Henta 7. mai 2016.
  3. Francine Russo (1. oktober 2022). «Viking Textiles Show Women Had Tremendous Power». Scientific American (på engelsk). 
  4. «The Fur Trade and Hudson's Bay Company». Arkivert frå originalen 8. januar 2015. Henta 5. januar 2015. 
  5. «Troublesome in Europe: Black Markets». Leader-Post (Regina, Saskatchewan). 5. januar 1946. Henta 28. november 2012. 
  6. Sudetic, Chuck (5. september 1993). «Cigarettes a Thriving Industry in Bleak Sarajevo». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 31. mars 2022. 
  7. «"Самая крепкая валюта - это сигареты". Как выживает Херсон при российской оккупации». 11. april 2022.