Vasshjul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vasshjul som driv ei oppgangssag i Tørvikbygd i Kvam herad i Hardanger
Foto: Svein Harkestad

Vasshjul er nemninga for ei gamaldags innretning som var vanleg i tidlegare tider for å utnytte vasskrafta i bekkar og elver til å drive ymse maskineri, til dømes blåsebelgar i jarnverk og smiar, oppgangssager, kverner for å male korn til mjøl, stampeverk for å lage vadmål og mykje anna. Sjølve vasshjulet er eit hjul med skovler som er festa til ein horisontal aksel og plassert loddrett i vasstraumen, slik at kreftane i vasstraumen kan overførast gjennom akselen på vasshjulet til eit maskineri i nærleiken av hjulet.

Straumhjul og overfallshjul[endre | endre wikiteksten]

Eit overfallshjul med renne av ein uthola trestamme i Sankt Jakob im Lesachta, Kärnten i Austerrike.
Vasshjulet (rekonstruksjon) i Glomma ved Isegran i Fredrikstad.

Det finst i prinsippet to ulike verkemåtar for vasshjula. Anten kan hjulet plasserast med underkanten i vasstraumen i ei renne frå elva eller bekken, slik at straumen i vatnet driv hjulet rundt; slike vasshjul vert kalla straumhjul; eller vatnet kan leiast inn over hjulet som ein foss frå ei renne eller eit røyr over hjulet; slike vasshjul vert kalla overfallshjul. Straumhjul av store dimensjonar var vanlege i område der bekken eller elva renn i meir eller mindre flatt terreng, for då trengst det særs stor diameter på hjulet for å få stor nok fart og kraft på akselen som skal drive kverna eller kva det måtte vere.

Den typen av vasshjul som var vanleg i bekkekvernar kringom i Noreg, og som hadde skovlene plassert på skrå på ein vertikal aksling som var festa til ein horisontal kvernstein i eit kvernhus som stod rett over hjulet, har si eiga nemning og vert kalla kvernkall.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kvernkall