Vassongar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vassongar
Bilelete frå ringmerking i León i Spania, i trekkruta for arten Foto: David Pérez (DPC)
Bilelete frå ringmerking i León i Spania, i trekkruta for arten
Foto: David Pérez (DPC)
Status
Status i verda: VU Sårbar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Acrocephalidae
Slekt: Kjerrsongarar Acrocephalus
Art: Vassongar A. paludicola
Vitskapleg namn
Acrocephalus paludicola

Vassongar (Acrocephalus paludicola) er ein mellomstor songar i kjerrsongarfamilien som er hekkefugl i Aust-Europa og overvintrar i Vest-Afrika. I Noreg er denne arten en svært sjeldan gjest.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kroppslengda på denne kjerrsongaren er 11,5 til 13 centimeter. Fjørdrakta er beigebrun, mørkare over enn i undersida. Vassongaren har ei brei, lys augebrynstripe og ei markert, lys, gulbrun issestripe. Oversida har kraftige streker, undersida kan ha forsiktige, mørke streker, men dette er individuelt. Songen har ei kompleks oppbygning, gjentatte seriar av to hovudkomponentar: knirkande «trrrrr», etterfølgt av fløytetonar.[1]

Hekkehabitatet er vide og fuktige enger av starrplantar i varmt temperert klima. Vegetasjonen må i tillegg vere lågvaksen. Utbreiinga for hekking ikkje godt kjend, men er avgrensa og fragmentert, i grenseområdet Tyskland-Polen, i sentrale delar av og i austre delar av Polen, i Litauen, Kviterussland og Ukraina. Overvintringsområda er òg fragmenterte, ligg i Vest-Afrika og hovudsakleg innanfor grensene til Senegal og Mali.[2] I Noreg kjenner ein 28 godkjende registreringar av vassongarar, dei fleste er frå 1990-talet og dei fleste vart gjorde i Vest-Agder i august månad.[3]

Vassongarar er insektetar med eit vidt repertoar av artar på menyen, desse inkluderer augestikkarar, vassniglar og edderkoppar.[2]

Populasjonen er estimert til mellom 27 000 og 41 400 og er trudd å vere minkande. Det vektigaste trugsmålet er tap av habitat grunna drenering av våtmark for omgjering til jordbruksføremål. Arten er klassifisert som globalt sårbar.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  2. 2,0 2,1 Dyrcz, A., Christie, D.A., de Juana, E. & Sharpe, C.J. (2018) Aquatic Warbler (Acrocephalus paludicola) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 16. juni 2018
  3. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 13. juni 2017. 
  4. BirdLife International (2018) Species factsheet: Acrocephalus paludicola. Henta frå http://www.birdlife.org den 16. juni 2018

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vassongar