Venanzio Ortis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Venanzio Ortis

Statsborgarskap Italia
Fødd 29. januar 1955 (69 år)
Paluzza
Yrke langdistanseløpar
Språk italiensk
Høgd 178 centimeter
Venanzio Ortis på Commons

Venanzio Ortis (fødd 29. januar 1955) er italiensk tidlegare langdistanseløpar frå Paluzza i Udine-provinsen. Han vann gull og sølv på høvesvis 5000 m og 10 000 meter under friidretts-EM 1978.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Ortis vart italiensk meister på 10 000 m i 1976. Same sesongen deltok han på 5000 m under dei olympiske sommarleikane i Montreal og rauk ut etter kvalifiseringa. Han vart italiensk meister på 5000 m i 1977 og 10000 m i 1978.

Ortis overraska han stort med sine prestasjonar då europameisterskapen 1978 fann stad i Praha. Etter å ha fylgd finnen Martti Vainio heilt inn til mål på milløpet tok han sølvmedaljen på den italienske rekordtida 27.31,4. Ei veke seinare vart han europameister på 5000 m, etter å ha slått heile feltet i spurten. Vinnartida lydde på 13.28,57. Sveitsiske Markus Ryffel og Aleksandr Fedotkin frå Sovjetunionen fekk begge sølv, hakk i hæl på Ortis.

Etter å han vorte nasjonal terrengløpsmeister i 1980, kunne ikkje ein skadeplaga Ortis delta i Sommar-OL 1980 i Moskva. Den 9. september 1981 forbetra han den italienske 5000m-rekorden til 13.19,1 under eit stemne i Rieti.

Grunna skadar la han bort løpsskoa i 1983.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1976 i Montreal: Utslått i kvalfiseringa på 5000 m (13.52,4)
  • EM 1978 i Praha: Gullmedalje på 5000 m - 13.28.57, framom Markus Ryffel og Aleksandr Fedotkin (13.28,66). Sølvmedalje på 10000 m - 27.31.48, bakom Martti Vainio (27.30,99) og framom Aleksandras Antipovas (27.31,50)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]