Venera 8

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Venera 8 var ein sovjetisk romsonde til Venus og vart skoten opp 27. mars 1972. Målet til sonden var å gjera meir sofistikerte vitskaplege målingar på yta til Venus, inkludert å studera regolitten.

Før han gjekk inn i atmosfæren til Venus, kjølte landaren ned innmaten sin til -15 °C. Han gjekk inn i atmosfæren 22. juli 1972. Under nedstiginga vart det nytta eit nedkjølingssystem for å halda komponentar i det indre av sonden svale.

Landaren heldt fram med å senda attende data 63 minutt etter landinga. Han stadfeste målingane til Venera 7 med målingane sine: ytetemperatur på 470 °C og eit trykk på 90 jordatmosfærar. Dei fyrste målingane av regolitten vart sende attende, og ein profil av skylaget vart laga. Svovelsyre vart funne i skyene.

Ljosmålingane til landaren fann òg ut at ljoshøva på yta var dugande for fotografering, sidan dei likna høva til ein overskya dag på jorda med ei sikt på 1 kilometer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]