Verktøyet kateter
Utsjånad
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå kateter.
Kateter (frå gresk kathienai, 'søkkje') brukt i medisin er eit eit røyr som kan førast inn i kroppen. Det å legge inn eit kateter kallar ein kateterisering. Avhengig av kor og korfor røyret leggjast inn kan det vera meir eller mindre stivt.
Ein legg inn kateter for å:
- tømme urinblæra for urin (blærekateterisering), anten gjennom urinrøyret med eit Foleykateter eller gjennom huda suprapubiskateter.
- drenera væskeopphopingar eller luft, til dømes rundt lungene. Kateteret blir då ofte kalla eit dren.
- gje intravenøs væske, medikament eller parenteral ernæring
- lage bilete av sirkulasjonssystemet (angiografi), gjere målingar i eller manipulera sirkulasjonssystemet, sjå hjartekateterisering
- framstille forholda i hjernen
- direkte måling av blodtrykk i vener eller arteriar.
Eit lite kateter for innføring i ei vene kallast oftast ei perifer venekanyle, av di det blir lagt inn i ei lita perifer vene. I Noreg nyttar ein ofte handelsnamnet «Venflon» uansett fabrikat. Eit sentralt venekateter (CVK) har større indre diameter og ligg med spissen nære eller i høgre framkammer. Det er eigna til spesielle medikamenttypar og store væskemengder. Eit Swan-Ganz kateter er eit kateter plassert i pulmonalarterien for å måle trykk.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Catheter» frå Wikipedia på engelsk, den 13. januar 2006.