Vesconte Point

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 68°31′S 65°12′W
Vesconte Point
nes
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Graham Land
 - koordinatar 68°31′S 65°12′W
Administrert under Antarktistraktaten
Vesconte Point is located in Antarktis
Vesconte Point (Antarktis)

Vesconte Point er eit bratt klippenes på sørsida av Bermel PeninsulaBowman Coast og enden på ein utstikkar som går søraustover frå austsida av Bowditch Crests. Neset vart først grovt kartlagd av W.L.G. Joerg frå flyfoto teken under Lincoln Ellsworth den 23. november 1935, og vart seinare kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i desember 1958. I samband med at andre namn i området var kalla opp etter pionerar innan navigasjon, vart neset namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter Petrus Vesconte frå Genova, den tidlegaste kjende kartmakaren som det framleis finst kart etter (det første er datert 1311).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Vesconte Point» (innhald frå Geographic Names Information System).