Vesle Fatra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vesle Fatra
fjell
none  Hovudryggen Krivánska Malá Fatra
Hovudryggen Krivánska Malá Fatra
Land Flag of Slovakia.svg Slovakia
Fjellkjede Fatra-Tatra-området
Høgd Veľký Kriváň  1 709 moh
Koordinatar 49°10′N 19°00′EKoordinatar: 49°10′N 19°00′E
Plassering
Plassering
Wikimedia Commons: Malá Fatra

Vesle Fatra (slovakisk Malá Fatra) er ei fjellkjede i Dei vestlege Karpatane, nordvest i det sentrale Slovakia. Gemorfologisk høyrer fjella til Fatra-Tatra-området.

Fjella ligg om lag mellom byane Nitrianske Pravno, Strečno, Martin og Zázrivá. Turčianska kotlina (Turiecbekkenet) og fjella Oravská vrchovina ligg i vest, og Žilinská kotlina (Žilinabekkenet) og fjella Kysucká vrchovina ligg i aust.

Malá Fatra består av to mindre området, som er skild frå kvarandre av elva Váh nær Strečno:

  • Lúčanská Malá Fatra
  • Krivánska Malá Fatra

Den høgaste toppen er Veľký Kriváň på 1709 moh i Krivánska Malá Fatra.

Malá Fatra er hovudsakleg ein stor karstformasjon som består av krystallinske bergartar og folda bergartar frå mesozoikum.

Hovudtoppane i Lúčanská Malá Fatra er Veľká Lúka (1475 moh), Kľak (1351 moh) og Minčol (1364 moh). Hovudtoppane i Krivánska Malá Fatra er Veľký Rozsutec (1610 moh), Malý Rozsutec (1343 moh), Veľký Kriváň (1709 moh) og Malý Kriváň (1671 moh).

Det 12 km lange passet mellom Krivánska Malá Fatra og Lúčanská Malá Fatra er skild av Váh og vert kalla Strečnianska tiesňava (Strečnopasset). Det ligg nedanfor ruinane av den kjende Strečnoborga. Šútovofossen (Šútovský vodopád ) er det høgaste fossefallet i Malá Fatra og har eit vertikalt fall på 38 m.

Vrátna dolina og Štefanová er populære skisenter i området. Andre turistsenter er landsbyane Terchová, der den slovakiske nasjonalhelten Juraj Jánošík vart fødd, og Zázrivá, der den tradisjonelle slovakiske saueosten korbáčiky vert laga. Eit av dei mest populære skiområda utanfor Tatrafjella er Martinské hole mellom Veľká lúka og byen Martin.

Krivánska Malá Fatra er verna som ein del av Malá Fatra nasjonalpark.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]