Vestbøstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vestbøstad
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fitjar
Gardnummer 61

Vestbøstad er ein gard sentralt i Fitjar kommune. Han ligg nord for Storavatnet og grensar til Rimbareid og Nesbø i aust, til Storavatnet og Helland i sør. I vest ligg Engesundsleia med Hjelmen og Gloppholmen. I nord ligg Kjeholmen og Prestbø.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Garden er særs gammal og truleg av dei eldste i Fitjar. Ein har funne kring 20 gravrøyser på Vestbøstad og det er gjort fleire funn av ting laga av bronse og jern, i tillegg til mange steinalderreiskap.

Namnet er tolka av namneforskaren Magnus Olsen til å ha kome frå den gamle forma Vestribolstad, som tyder «den vestre garden», i motsetnad til Rimbareid. Daglegnamnet er i dag Vespestad.

Vestbøstad høyrte til Lyseklostergodset frå mellomalderen til 1864, då brukarane løyste inn bruka sine og vart sjølveigarar. Dei eldste skriftlege kjeldene som nemner brukarane på Vestbøstad er skattemanntalet i 1519, då det var tre brukarar på garden, Per, Jon og Niels.

Det ligg ein gammal kolerakyrkjegard på vestsida av garden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]