Vestlandsrådet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vestlandet

Vestlandets plassering i Noreg

Møre og Romsdals fylkesvåpen Sogn og Fjordanes fylkesvåpen Hordalands fylkesvåpen Rogalands fylkesvåpen

Landsdel i Noreg
Fylke Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland, og Rogaland
Kommunar 121
Areal:
Areal 58 552,34 km²
Befolkning:
Innbyggere 1 258 536 (2009)

Vestlandsrådet vart etablert i 2003 og er eit politisk samarbeidsråd for fylkeskommunane på Vestlandet. Samarbeidet er oppretta med heimel i Kommunelova §27 og er etablert av dei fire fylkeskommunane, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Dei fire fylkeskommunane på Vestlandet skal gjennom Vestlandsrådet


  • Styrkje landsdelen, både nasjonalt og internasjonalt
  • Koordinere den politiske innsatsen til beste for landsdelen innanfor definerte satsingsområde og utvikle effektive tenester på tvers av fylkesgrensene
  • Fremje andre politiske saker av felles interesse
  • Aktivt påverke rammevilkår for landsdelen og medlemsfylka
  • Skape samhandlingsarenaer på Vestlandet
  • Ta initiativ til samarbeidsprosjekt på tvers av fylkesgrensene


Sjølve Vestlandsrådet består av 20 medlemmer, fem frå kvar fylkeskommune. Rådet møtest fire gonger i året og er lagt opp slik at ein årleg har eit møte i kvart fylke. Leiarvervet går på omgang for eit år av gangen mellom fylkesordførarane. For 2012 er fylkesordførar i Hordaland, Tom-Christer Nilsen, leiar.


I tillegg til rådet er det skipa eit eige arbeidsutval (AU) med dei fire fylkesordførarane på Vestlandet. AU skal m.a. vere eit organ som set den politiske dagsorden og som avklarar kva saker ein skal arbeide med mellom møta og kva saker som skal takast opp i neste møte. For denne valperioden sit fylkesordførar Janne Johnsen (Rogaland), fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (Hordaland), fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Sogn og Fjordane) og fylkesordførar Jon Aasen (Møre og Romsdal)i AU.


Frå våren 2010 er det etablert eit eige fast sekretariat for rådet. Sekretariatet er lokalisert til Førde, men vil frå februar 2012 har tilhaldstad i Stavanger.


Samarbeid om politiske saker[endre | endre wikiteksten]

Rådet har eit særleg ansvar for politisk sentrale og strategiske saker på Vestlandet. Arbeid med Ferjefri E39, Nasjonal Transportplan, rassikring, Stad skipstunnel, hamner med internasjonal standard og riksvegferjer med universell utforming har vore viktige samferdslepolitiske saker. Andre saker er å utvikle og kommersialisere nye opprettsartar på Vestlandet, sikre verftsindustrien, trygge dei tekniske fagskulane og sikre at ein har relevant fagmiljø og fagarbeidarar i framtida, spele ei viktig rolle med omsyn til forvaltning av oppdrettskonsesjonar, sikre gode rammevilkår for Kystruta (Hurtigruta), og å spele ei aktiv rolle for å få ei ny båtrute mellom Vestlandet og Newcastle.

Vestlandsrådet ønskjer også å vere ei tydeleg stemme i forhold til EU og det internasjonale samfunnet. Både fråsegn om Sellafield, om ny forvaltningsplan for Nordsjøen, innspel til EU sin fiskeripolitikk og kommentarar til EU sin 2020-strategi har vore drøfta og handsama i rådet. Vestlandet har elles sentrale posisjonar gjennom kvar einskild fylkeskommune både i North Sea Commission, og CPMR (Conference of Peripheral Maritime Regions) som er ein lobbyorganisasjon overfor EU. I tillegg er Vestlandsrådet medlem og kontaktpunkt for NORA – Nordatlantisk samarbeidsråd. NORA er etablert og langt på veg finansiert av Nordisk Ministerråd.


Vegen vidare[endre | endre wikiteksten]

Etter forvaltningsreforma og drøftingar om etablering av eigne regionar i Noreg, har Vestlandsrådet tatt nye grep og nyleg vedteke ein ny strategi. Her skisserer Vestlandsrådet seks nye satsingsområde for samarbeidet:


  • Internasjonalt arbeid
  • Samferdsle
  • Innovasjon og næringsutvikling
  • Kystressursforvaltning – marin og maritim verdiskaping
  • Energi og miljø
  • Kultur


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]