Vestmannalaget
Vestmannalaget er eit mållag i Bergen. Laget vart skipa allereie i 1868, og er det eldste mållaget i Noreg. Fyrste formann i laget var Henrik Krohn (1826-1879). Laget har frå 1985 av gjeve ut meldingsbladet Vestmannen. På byrjinga av 1960-talet melde laget seg ut av Noregs Mållag. Utmeldinga kom mykje på grunn av usemje om rettskriving. Vestmannalaget melde seg seinare inn i Ivar Aasen-sambandet, som arbeider for høgnorsk.
Vestmannalaget er i tillegg med i Vestlandske Mållag, Bygdelagsnemndi i Bergen, Kyrkjenemndi i Bergen og Det norrøne grønlandslaget.
Aasmund Olavsson Vinje skreiv diktet «Til Vestmannalaget» i 1869.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Vestmannalaget hadde frå skipingstida stor innverknad på det kulturelle miljøet i Bergen, og merkte seg ut med å ha med folk frå borgarskapet i medlemsstokken. Laga hadde fast møteverksemd, føredragsrekkjer, gav ut tidsskriftet Fraa By og Bygd og målmedvite arbeid for atterreising av Håkonshallen.
Laget har arbeidt for å fremje samband og samarbeid mellom Noreg og Island og mellom Noreg og Færøyane.
Formenn
[endre | endre wikiteksten]- Henrik Krohn (1868-1873)
- Olav Lofthus (1873-1875)
- Hans Mo (1875-1879)
- Edv. G Johannessen (1879-1908)
- C. B Bugge (1908-1922)
- R. Haugsøen (1922-1924)
- Johs. Lavik (1924-1929)
- Eirik Hirth (1929-1937)
- Gustav Indrebø (1937-1942)
- Eirik Hirth (1942-1946)
- Olav Brattegard (1946-1947)
- Per Thorson (1947-1950)
- Ludv. Jerdal (1950-1956)
- Anders Thuen Seim (1956-1957)
- Ludv. Jerdal (1957-)
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Conrad Clausen, Torleiv Hannaas og Ludvig Jerdal: Vestmannalaget i 110 år, Bergen 1978, Norsk bokreidingslag ISBN 82-90186-14-2
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Fotnotar
- ↑ «Til Vestmannalaget» ved aasentunet.no
Denne språkartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |