Aasmund Olavsson Vinje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aasmund Olavsson Vinje

Aasmund Olavsson Vinje
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. april 1818
Vinje i Telemark
Død

30. juli 1870 (52 år)
Gran i Oppland

Yrke Forfattar, journalist, lærar og jurist
Rørsle Poetisk realisme
Sjanger lyrikk
Aasmund Olavsson Vinje på Commons

Aasmund Olavsson Vinje (fødd 6. april 1818 i Vinje i Telemark, død 30. juli 1870 i Gran i Oppland) var ein norsk forfattar, journalist, lærar og jurist.

Vinje var ein av dei fyrste etter Ivar Aasen sjølv som aktivt tok i bruk landsmålet, i både prosa og lyrikk. Med kjende dikt som «Våren», «Ved Rundarne», «Den dag kjem aldri» og «Blåmann», har han vorte ståande for ettertida som ein av dei mest folkekjære lyrikarane i Noreg. Lyrikken hans vart til i overgangstida mellom Henrik Wergeland sin død i 1845 og det såkalla moderne gjennombrotet, og vert gjerne litteraturhistorisk plassert under den poetiske realismen.

Han var dessutan ein markant føregangsmann innanfor norsk journalistikk, både som Christiania-korrespondent i Drammens Tidende og med sitt eige blad Dølen. Vinje markerte seg som ein retorisk medviten kritikar av både samfunnstilhøve, politikk og litteratur,[1] og som ein som hadde tvisyn, altså som såg sakene frå to sider.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Opphav og slekt[endre | endre wikiteksten]

Farfaren til Aasmund Olavsson, Aasmund Torjussen, kom frå garden Vå på Rauland i Vest-Telemark, men selde garden og var sidan brukar på ulike gardar i Vinje og Mo i Vest-Telemark. Han gifta seg i 1782 med Ingeborg Asbjørnsdatter. Aasmund og Ingeborg hadde to søner. Den yngste, Olav Aasmundsen (f. 1786 på garden Ljostad), vart i ung alder utskriven som soldat, og var med både i Napoleonskrigane i 1808 og krigen i 1814. Når han var heime, arbeidde han som gardsgut rundt om i Vinje. 11. november 1813 gifta han seg med Thorbjørg Gjermundsdatter Gøytil (f. 1787) frå Gøytilsgrenda i Eidsborg. På dette tidspunktet bygsla han parten Uppistog Vinje.[2]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Aasmund Olavsson Vinje voks opp saman med den eldre systera Margit på husmannsplassen «Plassen» eller «Plassevja» under Uppistog Vinje, som faren hadde rydda omkring 1824. Dei materielle kåra var dårlege, og armoda tidvis stor, men litteratur og kultur var likevel høgt verdsett i heimen. Aasmund lærte seg også å setje pris på dette, og han lærte å lese som niåring.

«At læra var meg alljamt den største Gaman, og eg gjekk endaa som halvvaksen Gut heller til Skulen enn til Dans.»[3]

Mora døydde før han fylte 10 år, og han kjende medansvar for dette. Faren, som var ein viktig kulturberar og opplysingsmann i Vinje, gifta seg på nytt i 1831, og Aasmund fekk ein halvbror som heitte Olav. Ungane vart tidleg sette i tidleg i arbeid, og Vinje vart sett til vere å gjetar. Han var glad i dyra, og hadde stor sans for geitene. Kyrne rekna han nærast som familiemedlemmer. Gjennom gjetarlivet fekk han stoff til seinare dikt som «Blaamann».

Hausten 1834 vart han konfirmert med «Udmærket godt» i kristendomskunnskap,[4] og både soknepresten og faren ville ha han til å verte omgangsskulelærar i heimbygda.[5] Vinje tok då «hjelpeseminaret» i nabokommunen Kviteseid. Han gjekk der to vintrar, og oppnådde beste karakter og det beste avgangsresultatet nokon gong ved skulen.[5] Det var prosten Søren Schive i Tinn som uteksaminerte han.

Etter opphaldet i Kviteseid vart han omgangsskulelærar i Smørklepp og Grungedal, dei øvste grendene i Vinje, med ei årslønn på 13 speciedalar.[6] Om somrane låg han dels på setrane med buskap, dels tok han på seg gardsarbeid i bygda. Dessutan skaffa han seg inntekter ved å brenne brennevin. Det selde han utan omsyn til lova om brennevinssal. På denne måten klarte han å leggje til side noko kapital. I tillegg fekk han ein morsarv på 12 speciedalar. Etter vel fem års arbeid som skulemeister, hadde han klart å spare omkring 100 spd.[7]

Lærarutdanning og arbeid som lærar[endre | endre wikiteksten]

Aasmund Olavsson Vinje hadde tenkt å utvandre til Amerika, men presten Anton Elias Smitt overtala han våren 1841 til å byrje på Asker seminar.[8] Han fekk tilbod om eit lån på 50 spd. Vinje slo til, og om sommaren gjekk han til fots til seminaret, som på den tida vart styrt av Knud Gislesen. Ved sidan av pensumet las han mykje anna, og i jula 1842 besøkte han for fyrste gong Christiania. I juli 1843 tok han eksamen med karakteren «Udmærket duelig».[9]

Etter ein halvt munnleg lovnad av Anton Elias Smitt, søkte Vinje på posten som klokkar i Vinje kyrkje og lærar ved den nye fastskulen i bygda, men ein annan søkjar, medseminaristen Olav Fetveit, gjekk framom,[10] trass i at Vinje hadde vikariert i posten ei stund. Vinje oppfatta dette som ei sosial forbigåing, og byrja igjen å tenkje på emigrasjon til Amerika. Skulekommisjonen tilbaud han ein klokkar- og omgangslærarpost i annekssoknet Rauland, men denne tok han ikkje imot. I staden drog han til Christiania i håp om å tene som klokkar hjå emigrantpresten Johannes Wilhelm Christian Dietrichson, men stillinga var alt teken. På vegen forhøyrde han seg om ein skulelærarpost i Skien, og i Christiania søkte han også om å verte lærar ved asylet, men begge stader fekk han avslag fordi han hadde for gode papir.[11] Heller ikkje fekk han ein post han søkte på i Nes i Hallingdal.

Familien rådde han til å søkje ein timelærarpost ved Mandal Borgerskole. Den fekk han i februar 1844 og tiltredde 1. mars same året. Ved sidan av skuletimane, som skaffa han ei lønn på omtrent 120 spd i året, gav han privatundervising. Samtidig følgde han, som elev, undervisinga i dei høgare klassane, og medlærarane hans gav han privatundervising i tysk, fransk og latin. Han las også mykje på eiga hand, til dømes Kant, Fichte og Hegel. Han meinte han var for gammal til å studere, tok sikte på sjømannslivet og forsøkte å gå til sjøs våren 1846. Ikkje lenge etter vart han sett i land som ubrukeleg.

Vinje tok etter kvart til å interessere seg for handel. 25. januar 1847 hadde han skaffa seg handelsbrev i Kristiansand. Planen var å drive tømmer frå Åseral, men det vart det aldri noko av. Truleg tok han borgarbrev fyrst og fremst for å få stemmerett. Allereie då han kom til Mandal hadde han vorte kjend med bondepolitikaren Søren Jaabæk. Vinje gav Jaabæk undervisning i tysk, og Jaabæk tilrådde Vinje til vala i 1847. 5. august]det året vart han vald til 4. valmann for Mandal, men det vart aldri politikar av han. Venskapen deira vart seinare sett på prøve etter eit gardskjøp der Jaabæk kausjonerte for Vinje og til slutt måtte betale heile lånet.

Vidareutdanning og arbeid som journalist og jurist[endre | endre wikiteksten]

Han slutta etter fire år ved skulen i Mandal, og segla til Christiania med 10 spd i lomma. Hausten 1848 byrja han på Heltbergs studentfabrikk for å førebu seg til examen artium, som han tok i 1850. Der møtte han mellom andre Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson. Vinje hadde så smått byrja å skrive for aviser medan han budde i Mandal, og i denne perioden skreiv han mot betaling for Morgenbladet for å ha råd til studia. Det gjorde han fram til våren 1850, då han kom i strid med redaktøren av politiske og personlege grunnar.

Dei fyrste venene hans i Christiania var Henrik Ibsen og Paul Botten-Hansen. Saman med dei gav han ut det satiriske bladet Andhrimner – namnet var henta frå kokken i Valhall i norrøn mytologi. Førebiletet for bladet som også vart kalla «Manden», var den dansk-jødiske diktaren Meïr Aron Goldschmidt og tidsskriftet hans, Corsaren, som Vinje også skreiv ein artikkel om i Andhrimner. Særleg nær vart venskapen med Botten-Hansen, i den krinsen som vart kalla «Westphalerne». På denne tida skreiv Vinje dessutan i andre organ, som Christiania-Posten og i Botten-Hansen sitt Illustreret Nyhedsblad.

Vinje tok i 1851 «Anden-Examen» (examen philosophicum med realfaga matematikk, naturhistorie, zoologi, astronomi, fysikk og kjemi), der han stod med karakteren haud.[12] Vidare tok han til som Christiania-korrespondent for Drammens Tidende. I dei nesten åtte åra han hadde denne stillinga, skreiv han om lag 700 korrespondentbrev frå hovudstaden. Året før hadde han vore i økonomiske problem, men jobben for Drammens Tidende fekk han på rett kjøl att. Til slutt tente han 300 spd i året der, i tillegg til at han ofte skreiv i andre blad, forfatta høvessongar for betaling og opptredde som talar både i og utanfor hovudstaden.

Kort sagt likte han å skrive, og ville gjerne kunne leve av å vere diktar, men han våga det ikkje. Difor tok han i staden til på jusstudiet, og vart i 1856 cand.jur. med karakteren laud. Dermed var den formelle utdanninga hans fullført, og 28. april 1857 vart han autorisert overrettssakførar. Den juridiske verksemda hans var likevel avgrensa til å føre to–tre rettssaker om gongen som fullmektig hjå høgsterettsadvokat J.C. Lous. Han slutta hjå Lous etter knapt to år. Frå midten av 1850-åra vanka han mykje hjå proprietær Johan Brandt på Haugerud i Vestre Aker, i tillegg til at han hadde mange andre kjenningar på Austlandet.

Dølen, dårleg økonomi og omflakkande liv[endre | endre wikiteksten]

Han var politisk aktiv og mista stillinga si som statstilsett jurist då han kritiserte utanrikspolitikken til staten.

Ekteskap, sjukdom og død[endre | endre wikiteksten]

Systerkyrkjene i Gran, der Vinje er gravlagd.

20. juni 1869 gifta han seg med Rosa Constance Sophie Kjeldseth (f. 28. oktober 1836) som hadde late seg skilje frå lensmannen i Rendalen, Abraham T. Enevoldsen. Det var vanskeleg å finne ein prest som ville vie ein fråskild, men soknepresten i Vestre Aker, A. W. Fangen, tok på seg oppdraget. Sommaren same år var Vinje på sin siste fottur i Jotunheimen saman med Ernst Sars. I november og desember heldt han sju føredrag i Bergen over estetiske og historisk-filosofiske emne, og i dei fyrste månadene av 1870 heldt han føredrag i Tønsberg og Larvik. 19. mars opptredde han for siste gong i ei større forsamling, då han tala for attval av Bjørnson som formann i Studentersamfundet, men i løpet av møtet vart han kasta ut av motstandarane.

12. april 1870 døydde kona hans nokre dagar etter at ho hadde fødd ein son, Olaf. Tapet gjekk veldig inn på Vinje, og i eit par månader måtte han bu hjå halvbroren sin ved Kongsvinger. Kort tid etter at han hadde vendt tilbake, vart han innlagd på Rikshospitalet, men han lengta til fjells, og 26. juli forlét han sjukehuset. Han kom ikkje lenger enn til GranHadeland. Om morgonen 30. juli vart han funnen død, og det viste seg at han hadde hatt ein kreftsvulst i underlivet.

Aasmund Olavsson Vinje er gravlagd ved Systerkyrkjene i Gran, der det er reist eit monument over han. 17. mai kvart år er det tradisjon å hylle Vinje med tale og kransenedlegging ved Vinje-monumentet på Gran.

Forfattarskap og journalistikk[endre | endre wikiteksten]

Lyrikk[endre | endre wikiteksten]

Om Vinje kunne drive gjøn med det meste, avdekte lyrikaren av same namn eit djupt og kjenslevart sinn. Han fann sitt eige språk etter at han var blitt førti år, og det løyste ut lyrikaren i han:

«det var først nå han ble den intime lyrikeren og den fine naturskildreren i vers og på prosa. Ansikt til ansikt med naturen tier spottegauken. Overfor naturen gjelder ikke noe tvisyn.» (Norsk litteraturhistorie 1978 ved Harald og Edvard Beyer s. 174.)

Opninga på kapittelet "Vaarstigen og der norigjenom" i "Ferdaminni" syner dette klårt:

«Soli kom nedetter Lidarne, daa eg gjekk fraa Kongsvoll nedigjenom Drivdalen, som er den tronge og djupe og bratte Inngong til Thrøndelagen. Det er ein Dal so vill, at her ikki ero mange slike i Landet; men den vesle Jord, som henger inn i Bergi er god, der er grønt og godt gjeitebeite. Soli radde seg nedetter og merkte af so svarte Skuggar på den grøne Grunnen, at det var som Fjølltopparne skulde koma livslivande nedigjenom Lidarne, svarte og glidande paa ein grøn Stol kantat med Guld. "Driva" fysste kvit og rauk og rauk i dei smaae Fossar, der var. Bekkirne hingo som kvite Band nedetter Bergi. Morgonvinden kom liksom ifraa Snohætta og nedigjenom denne Glupen. Det liksom tok og skok i meg:
Her er so vænt, det kann meg grøta
for det, um eg er vaksen Karl,
for Dal og Fjøll og Sol meg møta
som heime, då eg liten var.
Eg høyrer som Naturens store
og friske glade Hjarteslag.
Ja, Herre, alt det, som du gjorde,
er ungt som det var skapt idag.» (Frå Ferdaminni fraa Sumaren 1860)

Sans for metrikk[endre | endre wikiteksten]

Framsida på eit nummer av Dølen

Vinje hadde sans for metrikk og veik ikkje unna for krevjande strofeformer. I diktet «Vaaren» nyttar han både antikt versemål og avanserte rimmønster. Han kunne også ta folkediktinga til førebilete. «Den dag kjem aldri» kan t.d. kallast ei nystev-vise.

Parallelt med Ivar Aasen var Vinje ein pioner for nynorsk, songbar lyrikk, og til liks med Aasen greidde han å slå gjennom med dikta sine hjå folk flest. Målforma har ikkje vore til hinder. Dei har også båe vore med på å brøyte vegen for andre folkekjære landsmålslyrikarar som Arne Garborg og Per Sivle.

Dølen og anna journalistikk[endre | endre wikiteksten]

Vinje er rekna som ein føregangsmann i norsk journalistikk med vekebladet Dølen frå 1858. Før han skreiv Dølen var han journalist, i løpet av 8 år skreiv han heile 700 artiklar i Drammens Tidende. Som forfattar skreiv han dikt og reiseskildringar. Skrivestilen hans var prega av evna hans til sjå ei sak frå fleire sider, og viste ofte eit tvisyn, mellom anna når det gjaldt norsk nasjonalromantikk. Vinje var ein av dei fyrste til aktivt å ta i bruk landsmålet til Ivar Aasen.

Andre verk[endre | endre wikiteksten]

Eit flogvet fra Telemark[endre | endre wikiteksten]

Karikaturen «Vinjefurua» av Theodor Kittelsen, 1907

Aasmund Olavson Vinje var det ein ofte kallar eit flogvet. Det har nok hatt sitt å seia at han var frå eit fylke der folkemusikk og folkedikting alltid hadde hatt gode kår, men han var svært gåverik, og arbeidde seg fram på ein kronglete veg frå plassgut til embetseksamen, banebrytande journalist, målmann og framståade lyrikar i ei tid då 'Statens lånekasse for studerende ungdom' ikkje fanst. Trass i alt som måtte skilja i personlegdom og framferd, hadde han noko sams med Ivar Aasen som også kom frå små kår. Aasen valde rett nok bort ein akademisk karriereveg for ikkje å svikte det folkelege grunnlaget sitt. Det gjorde ikkje Vinje, men han heldt likevel fram med å vera ein mann av folket. Han ville vera «sant meg sjølv», kort sagt, han ville vera «døl».

Han hadde ei sjeldsynt uttrykksevne. Han tala og skreiv råkande og djervt på ein måte som mange kunne misunne han og/eller bli støytte av. Det kan ikkje neittast at han vart sedd på som ein flåkjeft iblant, noko far hans og var kjend for å ha vore. Ivar Aasen legg vekt på at Vinje hadde mot til å kjempe for ei god sak, sjølv om det kunne ska han sjølv, og skriv mellom anna:

«Han var ikke plaget af denne Frygstsomhed og Blyhed, som ofte er til Besvær for unge Mænd af Bondestanden, naar de komme ud i en videre Kreds; tvertimod optraadte han i Skrift og Tale med en saadan Djærvhed, at det af og til vagte Ængstelse hos hans Venner og Uvilje paa visse andte Steder. Hans Virksomhed blev derfor forskjellig bedømt og tildeels behandlet med Spot og Ringeagt; men man kan ikke sige at hans Modstanderes Stridsmaade var bedre end hans egen» (Ivar Aasen: Skrifter i Samling b. II, 1912, s.210).

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Monument med byste utført av Brynjulf Bergslien, ved systerkyrkjene på Granavollen
  • Ved søsterkykjene på Gran der Vinje er gravlagd, blei det i 1873 reist eit høgt monument med ei byste av Vinje utført av Brynjulf Bergslien.
  • Vinjestoga, barndomsheimen i Vinje kommune har vorte museum
  • Den vakre bronsestatuen i heil figur som står ved «Vinjar», samfunnshuset i Vinje, like ved Vinjestoga, er laga av Knut Skinnarland. Avduka i 1947.
  • Aasmund Vinjes vei finst i fleire norske byar og tettstader: Moss, Fjellhamar, Oslo, Skjetten, Hamar, Gjøvik, Rjukan, Skien, Mandal, Stavanger, Øvre Årdal, Trondheim.
  • Ein statue av Vinje står i Skien, oppført i 1918.
  • Vinjes hovud er hogge inn i ein om lag 1,5 meter høg stein ved diktarstoga til Vinje på Eidsbugarden i Jotunheimen. Ståle Kyllingstad har laga monumentet.
  • I 1968 blei det reist ein statue i studentbyen på Sogn i Oslo av Dyre Vaa. Kunstnaren har førestilt seg Vinje som hippie.
  • I 1968 på 150-års dagen for Vinjes fødsel, utgav Posten eit frimerke med portrett av Vinje
  • I 1984 blei Vinje avbilda på Norges Banks 50-krone setel

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

«Han var langleitt og heller ljot; andlitet vart tidleg gamalt og skinnturka, det eine auga noko større enn det andre. Munnen var noko skeiv, og det myrkebrune oftast uflidde skjegget dulde ikkje heilt dette lytet. Dessutan var han lang og ledalaus, skakk og skeiv; i mange aar var han halt, og gjekk gruv og lyfte føterne høgt som gjekk han paa ein heideveg millom store steinar. So brydde han seg heller ikkje um aa hama seg; han gjekk oftast i klæde som ikkje passa, og loslitne og falma var dei som oftast attaat. Han var slengjeleg og slurven, uvyrden og frambærleg, og vanvyrde vanleg folkeskikk, og var soleis lite skikka til aa syna fram det beste av den gamle bondekulturen»

Vetle Vislie
Aasmund Vinje (1906)

Tidsskrift

Diktsamlingar

  • 1861 - Ferdaminni fraa Sumaren 1860, ei skildring av ei reise til kroninga av kong Karl IV av Noreg (Karl XV av Sverige) i Trondheim i 1860.
  • 1864 - Diktsamling, med mange av dei mest kjende dikta hans.
  • 1866 - Storegut. Dikt.

Anna

  • 1863 - A Norseman's View of Britain and the British
    • 1873 - norsk utgåve: Bretland og Britarne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Olav Midttun: A. O. Vinje (Oslo: Samlaget, 1963).
  • Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (Oslo: Cappelen, 2001).

Artiklar[endre | endre wikiteksten]

  • Jens Braage Halvorsen og Halvdan Koht: «Vinje, Aasmund Olafsen» i Norsk forfatter-lexikon 1814–1880; 6. bd. (Kristiania: Den Norske forlagsforening, 1908).
  • Idar Stegane: «Vinje, Aasmund Olavsson» i Norsk biografisk leksikon; bind 9, Sundt–Wikborg (Oslo: Kunnskapsforlaget, 2005) (www).

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Stegane 2005.
  2. Avsnittet er omarbeidd frå Halvorsen og Koht 1908, s. 133.
  3. Referert i Midttun 1963, s. 11.
  4. Midttun 1963, s. 11.
  5. 5,0 5,1 Midttun 1963, s. 15.
  6. Midttun 1963, s. 16.
  7. Midttun 1963, s. 17.
  8. Midttun 1963, s. 18.
  9. Midttun 1963, s. 20.
  10. Midttun 1963, s. 20–21.
  11. Midttun 1963, s. 21.
  12. Midttun 1963, s. 43.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource Aasmund Olavsson VinjeWikikilden (frie originaltekstar)
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Aasmund Olavsson Vinje