Vicomte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vicomte (mannleg form) og vicomtesse (kvinneleg form) er ein arveleg høgadeleg tittel i fleire europeiske land. Ein vicomte er normalt rangert under grevar/jarlar, og over baronar.

Ordet kjem frå latin vicecomes via gammalfransk visconte, som tyder «visegreve» [1]. Tidlege vicomtar fekk normalt tittelen tildelt på livstid, slik at dei fekk privilegia til ein greve utan at dette gjekk i arv. Etter kvart vart tittelen arveleg, og privilegia var normalt mindre enn dei ein greve eller jarl fekk.

I Nederland, Belgia og Tyskland har ein brukt tittelen borggreve med tilsvarande rang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Forma visegreve brukast nokre gonger på norsk, men finst ikkje i Nynorsksordboka; sjå «visegreve» og «vicomte».