Victor Moritz Goldschmidt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Victor Moritz Goldschmidt
Victorgoldschmidt0006MA8633570-0001.jpg
Ein ung Victor Goldschmidt
Fødd27. januar 1888
Zürich i Sveits
Død20. mars 1947 (59 år)
Oslo i Noreg
NasjonalitetNoreg
OmrådeGeokjemi
Yrkekjemikar, professor, geolog
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
DoktorgradsrettleiarWaldemar C. Brøgger
DoktorgradsstudentarBrian Harold Mason
Kjend forGeokjemi
MedlemRoyal Society
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Kungliga Vetenskapsakademien
Accademia Nazionale dei Lincei
Det kongelege ingeniørvitskapsakademiet
Det russiske vitskapsakademiet

Victor Moritz Goldschmidt (27. januar 188820. mars 1947) var ein norsk mineralog, petrograf og geokjemikar som var fødd i Zürich. Han var son av H.J. Goldschmidt. I lag med Vladimir Vernadskij vert han rekna som grunnleggjaren av faget geokjemi.

Han var professor i krystallografi, mineralogi og petrografi ved Universitetet i Oslo i 1914.

I 1911 kom det store arbeidet Die Kontaktmetamorphose im Kristianiagebiet, som var doktoravhandlinga hans. Dette gjorde han med eitt slag kjent. Seinare følgde mellom anna Geologisch-petrographische Studien im Hochgebirge des südlichen Norwegens (5 bd., 1912–21). Hovudarbeidet til Goldschmidt er Geochemische Verteilungsgesetze der Elemente (9 bd., utgjeve av Vitskaps-Akademiet i Oslo 1923–38), eit av dei viktigaste storverka innan norsk vitskap. Med arbeidet sitt grunnla Goldschmidt den moderne geokjemien.

Han vart 1929 kalla som professor til Göttingen, men slutta her i 1935 og flytta tilbake til Oslo, som professor i mineralogi og geologi ved Universitetet. Han arbeidde med utnyttinga av norske råstoff og var formann i Statens råstoffkomité.

Som jøde fekk Goldschmidt under andre verdskrigen store vanskar. Han sat ei stund arrestert, kom seinare via Sverige over til Storbritannia, der han arbeidde med oppdrag for den norske og den britiske regjeringa. Han kom attende til Noreg i juni 1946. Eit stort verk, Geochemistry, vart ikkje ferdig før han døydde, men vart redigert i England og utgjeve posthumt (1954).

Fjellrekkja Goldschmidtfjella i Oscar II LandSpitsbergen er kalla opp etter han.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]